Grønt ikon av familie inne i eit hus med gras som bakgrunn.

Omsorgsstønad

Omsorgsstønad er heimla i helse- og omsorgstenestelova § 3-6 som omhandlar kommunen sitt ansvar ovanfor pårørande som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.

Kven får tildelt omsorgsstønad

Omsorgsstønad er ei kommunal betaling til personar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid. Bakgrunnen kan vera tenestemottakarar med stort omsorgsbehov på grunn av alder, funksjonshemming, sjukdom eller andre årsaker.
Ei forutsetning for å motta omsorgsstønad er at omsorgs­arbeidet går føre seg i eigen heim. Omsorgsstønad kan gis i staden for, eller saman med offentleg tenesteyting. Omsorgsstønad kan innvilgast der kommunen anser at privat omsorg er best eigna.

For barn må omsorga klart overstige vanleg omsorg for barn på same alder.

 

Desse punkta er med i vurderinga av særleg tyngande omsorgsarbeid (alle punkt må ikkje vera oppfylt):

  • strekka seg over eit stort timetal pr. månad
  • vera meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg
  • innehalda mykje nattarbeid eller avbryting av nattesøvn
  • har vart eller er forventa å vare i lang tid
  • ført til sosial isolasjon eller mangel på ferie og fritid
  • omsorgsytar har ansvar for meir enn ein person
  • omsorgsytar har omsorgsplikt (det er kun vaksne med barn under 18 år som har omsorgsplikt)

 

Praktiske opplysningar

  • Inntektstap gjev ikkje automatisk rett på omsorgsstønad.
  • Tenestemottakar må støtte omsorgsytar sin søknad om omsorgsstønad. -Begge partar har rett til å søkje om denne stønaden.
  • Tenestemottakar må bu heime, og det må vera søkt hjelpestønad frå NAV.

Stønaden vert gitt der kommunen ellers ville hatt vedtak på heimesjukepleie, eller andre kommunale tenester.

Omsorgsstønad er ei skattepliktig inntekt.