1Grønt ikon av familie inne i eit hus beskytta av to hender

Omsorgsbustad for personar med utviklingshemming

Omsorgsbustader er ikkje ei lovpålagd teneste, men omsorgsbustad med døgnbemanning kan bli tildelt etter Helse-og omsorgstenestelova § 3-1, jfr 3-2a.

*Tenestebeskrivinga skal opp til politisk handsaming, tar atterhald om endringar.

Kven kan få tildelt omsorgsbustad for personar med utviklingshemming

Brukar med medfødd eller erverva funksjonshemming som er langvarig eller varig.
Brukar som treng hjelp til å nå måla sine knytt til deltaking i kvardagsliv og samfunnsliv.

 

Praktiske opplysningar

I omsorgsbustaden får ein nødvendig helsehjelp, praktisk bistand, opplæring og hjelp til å meistre dagleglivet sine ferdigheiter

  • Brukar får følge til lege eller tannlege etter behov
  • Medisiner betalar brukar sjølv med unntak av blå resept frå lege
  • Hjelpemiddel vert tildelt frå hjelpemiddelsentralen etter behov.
  • Leigetakar må møblere bustaden sjølv.

 

Tenesta omfattar ikkje

  • Utgifter til naudsynt medisinsk forbruksmateriell.
  • Utgifter til personleg bruk, som frisør, fotpleier, aviser, briller, klede, sko osv.
  • Dekking av utgifter til telefon/mobil.
  • Installering av fleire tv kanaler enn dei omsorgsbustaden alt har. Ynskjer ein dette må kvar bebuar skaffe eigen dekoder for Canal Digital.
  • Datatilkobling ut over det trådlause nettverket kommunen har installert, dette må ein då dekke sjølv.

 

Pris

Leigeforholdet vert regulert av Husleigelova og ein inngår husleigeavtale med Ullensvang kommune. Leigetakar kan søkje bustøtte frå Husbanken.

Kommunen kan tilby omsorgsbustader med heildøgns omsorg for personar med utviklingshemming følgjande plassar:

  • Eidesbrotet bufellesskap, Odda
  • Røldal bufellesskap
  • Bråto bufellesskap, Kinsarvik

Forsikring: Eksklusive innbu på eige rom. Leigetakar kan søkje bustøtte frå Husbanken.

 

Artikler