Treterning med spørsmålsteikn på liggande på tregulv

Ofte stilte spørsmål om vatn

Mange norske vassverk bruker klor til desinfeksjon av drikkevatnet. I Noreg har vi forholdsvis reint råvatn og tilset mindre klor til vatnet enn i mange andre land. Derfor er det skjelden at vi har vesentleg klorsmak av vatnet. Dei mengdene klor som blir brukt i norske vassverk er ikkje helseskadelege. Litt klorsmak av og til viser at vasskvaliteten er under kontroll. Om det plutseleg oppstår kraftig og vedvarande klorsmak på vatnet, kan ein ringa vassverket/kommunen for å få informasjon om årsaka til endringa.

Viss du får vatn frå eit godkjent vassverk, vil det ha tryggleik som omfattar heile kjeda frå vasskjelde, via vassbehandling og leidningsnett til abonnenten for å ta vare på at det alltid blir levert god vasskvalitet.

Vassverket/kommunen tar regelmessige prøvar av vatnet etter krav i drikkevassforskrifta. Dersom vasskvaliteten av ein eller anna grunn skulle blir for dårleg eller vesentleg endra, er vassverket/kommunen pliktig til å opplysa abonnentane om dette.

Som regel er grunnen at ein har spylt ledningar i nærleiken eller gjort planlagde endringar i vasstraumen til forsyningsnettet. Då losnar evt innvendig belegg i leidningane, og dette kan gje grumsete og misfarga vatn.

Slike planlagde tiltak blir normalt varsla på førehand og er normalt ikkje helseskadeleg, men kan gje ulemper som misfarga tøy ved klesvask m.m. Dersom det plutseleg oppstår misfarga vatn eller andre kvalitetsendringar på vatnet, kan du opna alle kranar og spyla ut nokre minutt. Det kan uansett vêra lurt å opna alle kranar for å spyla ut evt samlingar av slam i det private leidningsnettet.

Som kunde har du høve til å be vassverket/kommunen om informasjon om drikkevasskvaliteten. Viss det oppstår forhold som kan medføra helsemessig risiko eller vesentlege endringar i drikkevasskvaliteten, skal vassverket/kommunen informera mottakarar av vatnet om dette og om moglege forholdsreglar dei bør ta. Kommunen/vassverket har eit internkontrollsystem for å ta hand om slike situasjonar, oppdaga feil på vassforsyninga og varsla feil til mottakarane av vatnet.