Gamalt naust i Hardangervidda nasjonalpark med snø, vatn og fjell

Søknad om motorferdsle innan Hardangervidda nasjonalpark

Søknad om motorferdsle innan Hardangervidda nasjonalpark for vintersesongane 2022, evnt. fireårsperioden 2021 – 2024.

Søknadane gjeld for  Ullensvang og Eidfjord.
Søknadsfrist 01. desember 2022.

Søknadsskjema kan du finna her på heimesida eller på innbyggartorga i Ullensvang kommune og Eidfjord kommune.

Tilsynsutvalet i Vestland har utarbeida eit løypekart som skal fylgjast, med avstikkar til endemål for turen etter kortaste strekning. Løypekartet finn du her.

Alle som får utstedt løyve vert registrert med mobilnummer og vert gjorde oppmerksom på at dei er pliktige til å sjekka om dei har motteke SMS frå Tilsynsutvalet Vestland vedkomande stengning/alternativ køyrerute før dei reiser til fjells.

Ber om at du som vedlegg til søknadsskjemaet legg ved kart med innteikna køyrerute du ynskjer å nytta.

Hugs at alle opplysningane må vera med, har du byggjeløyve eller leigeavtale med hyeeigar/grunneigar, skal det leggjast ved kopi av desse.

Mangelfulle søknader vert sende i retur.

 

Nytta og unytta løyve

Me ber og om at dei som ikkje har returnert nytta og/eller unyatta løyver etter kvar sesong sender desse attende snarast.

Spørsmål kan rettast til:

Tilsynsutvalet i Vestland for Hardangervidda nasjonalpark

Sandvikevegen 11

5780 Kinsarvik

tilsynsutvalet.hordaland@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00 / 416 31 284

Anne Gerd Nysveen

Tilsynsutvalet i Vestland - for Hardangervidda nasjonalpark

tilsynsutvalet.hordaland@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00 / 416 31 284