Informasjon om motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark – vintersesong

I samband med utskriving av motorferdselløyver for vintersesongen har Tilsynsutvalet i Vestland laga eit hovudløypenett for motorferdsel på snødekt mark i Vestland sin del av nasjonalparken.

Dette for å kanalisere motorferdsla, og om mogeleg handtere evnt. løype-endringar i periodar som måtte kome som fylgje av omsyn til villrein eller andre.

Ein føresetnad for at dette skal fungere er at me registrerer alle løyvehavarar med mobilnummer, og at me kan nå desse med ei felles utsending av SMS om eventuelle endringar i løpet av løyveperioden.
Det betyr vidare at alle løyvehavarar må sjekke mobilen sin før transporten skal gå føre seg for å få med seg om det er sendt ut informasjon om evnt. stenging av løyper. Det vil då vera krav om enten å bruka ei alternativ løype, eller å utsetje transporten.

Hovudløypenettet, som er nummerert, skal vera løyper som dei fleste nyttar største del av transportstrekningen. Motorferdselløyvet vil vera spesifisert med avkøyring frå hovudløypa etter kortaste strekning fram til endemålet for turen. Søkjar vert difor beden om å teikne inn i kart traseen ein ynskjer køyre frå hovudløypa. Dette skal fylgje som vedlegg til søknaden.

Viser elles til lysing om søknad om motorferdsel for vintersesong 2025 – 2028 samt retningsliner datert 23.10.2024.

 

Link til hovudløypekartet finn du her: kommunekart.com