Middag

Middagsombringing

Middagsombringing er ikkje ei lovpålagt teneste.

*Tenestebeskrivinga skal opp til politisk handsaming, tar atterhald om endringar.

Kven får middagsombringing

Tenesta er for heimebuande eldre eller personar med funksjonsnedsetting som på grunn av sjukdom eller av andre årsaker ikkje er i stand til å dekke eige ernæringsbehov, og som ikkje har høve til å hente og kjøpe middag sjølv.

Tenesta vert tildelt på bakgrunn av søknad, kartlegging og opplysningar frå lege eller pårørande.

 

Praktiske opplysningar

Brukar må ha middag minimum 3 faste dagar i veka for å få vedtak på middagsombringing. Ønska dagar må kome fram i søknad. Det er ikkje høve til å avtale kjøp frå veke til veke.

 

Middag vert levert etter fast meny frå kjøkkenet:

  • Diettmat vert levert når medisinske årsak vert dokumentert.
  • Kjøkkenet har ikke anledning å ta omsyn til ulike ønsker vedrørande «smak og behag».

Tenestemottakar må sjølv vera tilstade ved levering, eller syte for at nokon tek i mot mat.

Mottakar av tenesta er sjølv ansvarleg for avbestilling dersom det er behov for stans i levering (ferie, sjukehus innlegging, besøk ol.). Avbestilling må om mogeleg skje seinast kl. 14.00, dagen før levering.

 

Endringer av dagar eller stans i middagslevering må meldast til rett tenestestad:

  • Odda – Eide, mob. 906 89 801
  • Odda – Sentrum, mob. 469 08 177
  • Utne, mob. 941 76 859
  • Kinsarvik, mob. 911 63 413
  • Jondal, mob. 415 44 266
  • Røldal, mob. 975 58 554

Det er frist for oppseiing av middagslevering på 7 dagar.

 

Pris

Pris på middag, dessert og utlevering/utkøyring vert satt av kommunestyre i Ullensvang kommune.

Artikler