Ledsagerbevis

Viss du har behov for følgje eller assistanse for å gå på kultur- og fritidsarrangement, kan du søkja om ledsagerbevis. Eit ledsagerbevis gjer det mogleg å ta med seg ein ledsager utan ekstra kostnader på kultur- og fritidsarrangement, transportmiddel og liknande der ordninga blir akseptert. Du må betala for deg sjølv på vanleg måte.

Ledsagerbevis er berekna for personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne med behov for hjelp eller følgje for å kunna delta på arrangement.

Ledsagerbevis vil mellom anna vera aktuelt for personar med

  • Bevegelseshemming
  • Hørselshemming
  • Synshemming
  • Utviklingshemming
  • Allergier
  • Funksjonsnedsetting som følgje av sjukdom, til dømes psykiske lidingar, hjartesjukdommar, lungesjukdommar og anna.

Det er den enkelte arrangøren eller tilbydar som avgjer om dei aksepterer ledsagerbevis, og kva rabatt ledsagerbeviset i så fall gir.

 

Alle som får tildelt tilskot til kultur, idrett og friluftsliv frå kommunen må godta ordning med ledsagerbevis på arrangement, jf retningsliner.

 

NB: Legg ved (portrett)bilete av personen som skal ha ledsagerbevis når du søkjer!

Send søknad til

Tildelingskontoret

Opheimsgata 31

5750 Odda

tildelingskontor@ullensvang.kommune.no

53 65 47 16