Liten gut som er på tur i skogen

Tilskotsordningar til kultur, idrett og friluftsliv

Ullensvang kommune ynskjer å bruke tilskotsordningane som verkemiddel for å nå målsetjingar innan deltaking, inkludering, trivsel og folkehelse, samt innovasjon, utvikling og samfunnsbygging.

Ullensvang er ein rik og allsidig kulturkommune med eit mangfaldig organisasjonsliv og sterke og markante aktørar innan kultur, idrett og frivillighet. Kommune ynskjer å gje gode og forutsigelige rammer for aktivitet og oppleving i kommunen gjennom å yta støtte til ulike føremål.

 

No kan du søkje tilskot til kultur, idrett og friluftsliv

Prioriteringar

  • Barn og unge
  • Tiltak som fremjar inkludering og mangfald
  • Tiltak som reduserer konsekvensar av sosial ulikskap
  • Tiltak som bidrar til sterke og levande lokalsamfunn
  • Tiltak av regional og nasjonal interesse
  • Tiltak som fremmer bukvalitet, besøkskvalitet og næring
  • Utvikling av kulturell eigenverdi, identitet og fellesskap

 

Krav til søkjar

  • Tilskot kan gjevast lag, organisasjonar og einskildpersonar som har sitt virke i Ullensvang kommune, eller der tiltaket/arrangementet skjer i Ullensvang kommune.
  • Det vert ikkje gjeve tilskot til politiske parti, organisasjonar som ikkje er opne for alle i målgruppa, eller kommunale, fylkeskommunale eller statlege institusjonar/anlegg.
  • Alle som mottek støtte må godta ordning med følgjekort på arrangement.

 

Krav til søknad

Søknad skal leverast på gjeldande søknadsskjema. For lag og organisasjonar skal godkjend rekneskap samt årsmelding frå føregåande år og budsjett for inneverande år leggjast ved søknaden.

 

Send utfylt søknadsskjema med vedlegg til:

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no

Denne tilskotspotten er for dei organisasjonane/laga som har ulike aktiviteter for barn og unge utanfor den organiserte idretten. Typisk eks. er kor, korps, 4H, teaterlag, litteraturklubbar.

Søknadsfrist 1. april

Generelt driftstilskot til idrettslag tilslutta Norges idrettsforbund. Tilskot vert rekna ut på grunnlag av registrerte medlemmer.

Søknadsfrist: 1. juli

Her kan ein søkja om refusjon av dokumenterte driftsutgifter/ vedlikehald. Max ca 20%.

Søknadsfrist: 1. april

Tilskot til kjøp av direksjon er retta mot kor og korps for vaksne, som ikkje kjøper dirigent-tenestar frå kulturskulen.

Søknadsfrist: 1. april

Dette er midlar som kan nyttast til ombygging og modernisering av kulturbygg, men ikkje til vedlikehald og drift. Må gjennom politisk prioritering.

Søknadsfrist: 1. april

Denne ordninga har eigen pott og eige budsjett. Pengar i ordninga vert delvis styrt inn i arrangement organisert av kommunen, og delvis delt ut til aktiviteter og arrangement for 70+.

Søknadsfrist: Løpande

 

Drift og utvikling av typiske “Fyrtårnfestivalar” og nyskapande kulturtiltak av regional og nasjonal interesse. Mange av desse har hatt faste avtalar.

For at alt skal vera ryddig, og alt skal koma med i budsjettarbeidet, skal det leverast søknad kvart år.

Søknadsfrist: 10. september

Gjeld tilskot til anlegg for idrett, folkehelse, friluftsliv jfr prioriterte annleggslister og idretts og friluftslivsplan.

Søkjar legg inn alle vedlegg og fyller ut søknadskjema på www.anleggsregisteret.no. Søkjar kan be om hjelp frå ansvarleg for spelemidlar i kommunen, men søkjar skal sjølv fylle inn søknadskjema.

Ved fornya søknad må ein syne til referansenummer for tidlegare innsendte søknad. Dette kan ein få ved å henvende seg til kultur og idrettsansvarleg i kommunen.

Søknadsfrist: 1.oktober

Sakshandsaming

Søknadane vert handsama politisk.  Saksbehandlinga tek ca 3 mnd. Vedtaket kan påklagast, sjå forvaltningslova Kap. VI. Mogleg klage skal stilast til klagenemnda,  seinast tre veker etter at klagaren er gjort kjend med vedtaket. Nærare orientering kan ein få hjå sakshandsamaren for denne saka.

Ullensvang Amatørkulturråd, Ullensvang Eldreråd og Ullensvang Idrettsråd er høyringsinstans der dette vert vurdert naturleg.

 

Har du spørsmål angåande tilskotsordningane?

Else Marie Sandal

Kultur og idrettsjef

else.marie.sandal@ullensvang.kommune.no

975 58 487