Kulturkommunen

Ullensvang er ein rik kulturkommune med variert organisasjonsliv og nasjonale kulturminne. Kommunen har mange flotte særprega festivalar innan ulike sjangrar gjennom heile året.

Kultur og idrett i kommunen er inkluderande og tilgjengeleg for alle. Me har frivillige lag og organisasjonar i heile kommunen som gjev tilbod innan idrett, musikk, song, brukskunst og mykje meir. Vil du spela fotball eller springa orientering, likar du å ta bilete eller berre elskar å syngja i kor – du finn garantert noko som passar for deg.

ullensvangkulturskule.no
>
Nettstaden for ressurssenteret til kommunen for kulturopplæring av alle innbyggarar frå 0 – 100 år. Målet er å gi flest mogleg eit godt undervisningstilbod innan ulike kunstfag.

ullensvangbibliotek.no
>
 Nettstaden for alle biblioteka i kommunen.

ullensvang.foreiningsportal.no
>
Her finn du informasjon om lag, foreiningar og andre som tilbyr ulike aktivitetar i Ullensvang kommune.

kvaskjerkultur.no
>
Er kommunen sin digitale kulturkalender der vi freistar å samle alt som skjer av aktivitetar rundt i kommunen.

oddakino.no
>
Vår kommunale kino som du finn i Ullensvang rådhus. I tillegg har me bygdekino på ulike stader i kommunen vår. Meir informasjon om dette kan du få på innbyggjartorga våre.

 

Frivilligsentralar

Frivilligsentralane i kommunen er tufta på “Møte mellom menneske”. Her kan du både delta og bidra som frivillig på aktivitetar, kurs og prosjekt.

Frivilligsentralane har god oversikt over frivillige lag og foreiningar i kommunen. Har me ikkje eit tilbod som passar deg, kan du få hjelp til å starta opp og driva med eigne frivillige aktivitetar.

img-fluid portraitFoto: Skarv Studio