Korttidsopphald i institusjon

Korttidsopphald i institusjon er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §3-2 punkt 6 c, jfr §3-1.

*Tenestebeskrivinga skal opp til politisk handsaming, tar atterhald om endringar.

Kven får tildelt korttidsopphald

  • Brukar som i ein tidsavgrensa periode treng døgnkontinuerlig opphald for observasjon, vurdering, behandling eller omsorg ved livets slutt.
  • Brukar som treng helsehjelp etter utskrivning frå sjukehus og har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov.
  • Brukar som treng opptrening og/eller vedlikeholdstrening og er i behov av rehabilitering utan tverrfaglig innsats.
  • Brukar som får akutt behov for institusjonsplass.

 

Praktiske opplysningar

Føremålet med opphaldet kan vere å kartlegge, observere og/eller rehabilitere brukar sitt funksjonsnivå og evne til eigenomsorg, samt å vurdere trong for, og bidra til gode, framtidige tenester for at brukar skal kunne halde fram med å bu i eigen bustad.

Korttidsopphald omfattar sjukepleie og legeteneste i tillegg til fysioterapiteneste og/evt. ergoterapiteneste ved behov.

Tilsynslegen har det medisinske ansvaret dersom ikkje anna er avtalt. Vel brukar å nytte eigen fastlege, betalar brukar sjølv for legetenesten.

Utgifter til medisinar, medisinsk utstyr, kost og losji, og institusjonens hygieneprodukte er dekka av eigenandelen og dermed inkludert.

Brukar må ha med seg naudsynt personleg utstyr og hjelpemiddel.

Reiseutgifter til og fra institusjonen er inkludert. Kjem ein frå sjukehus, vert reisa dekka av transportordninga.

Forlenging av korttidsopphaldet blir kontinuerlig vurdert under opphaldet.

 

Pris

Det blir kravd eigenbetaling pr. døgn fastsett i forskrift.