Kommunestyret

Kommunestyret

Kommunestyret er det øvste organet i kommunen. Kommunestyret fattar vedtak på vegne av kommunen, om ikkje anna følgjer av lov eller delegering. Kommunestyret har det øvste tilsynet med den kommunale forvaltninga.

Kommunestyret blir valt for fire år av gongen, etter dei reglar som er gitt i vallova og i kommunelova. Ullensvang kommune har 33 representantar i kommunestyret.

Kommunestyret i Ullensvang kommune er oppretta med heimel i kommunelova § 5-1.

Representantane i kommunestyret blir valde av dei stemmeføre innbyggjarane til kommunen (manntalet), etter reglar fastsett i vallova.

Kommunestyret skal ha 33 representantar med vararepresentantar. Talet på vararepresentantar for kvart parti/gruppe er tre fleire enn dei faste medlemmene frå kvart parti/gruppe, jf. vallova § 11-12.

Ordføraren leier møta i kommunestyret.

 

Ansvar og styresmakt

Kommunestyret er det øvste organet i kommunen. Kommunestyret fattar vedtak på vegne av kommunen, om ikkje anna følgjer av lov eller delegering.

Kommunestyret har det øvste tilsynet med den kommunale forvaltninga, og kan forlanga kvar og ei sak lagt fram for seg til orientering eller avgjerd.

Kommunestyret har rett til innsyn i alle kommunale saksdokument, med dei avgrensingane som følgjer av kommunelova § 11-13.

Kommunestyret kan omgjera vedtak som er fatta av andre folkevalde organ, rådmann eller andre med delegert vedtaksmynde, på same måte som desse sjølv kunne ha omgjort vedtaket.

 

Sakshandsaming

Kommunelova kapittel 11, og reglement for sakshandsaming i folkevalde organ, vedteke av kommunestyret, gjeld for kommunestyreverksemda.

Rådmannen sørger for sekretariatsbistand til kommunestyret.

 

Gruppeleiarar

  • Ap: Vidar Solvi
  • H: Inger Synnøve Vestrheim
  • INP: Per K. Måkastad
  • Krf: Margot-Helene Backer-Owe
  • R: Terje Kollbotn
  • Sp: Lajla-Margrethe Lindskog-Lund
  • SV: Mari Svartveit Hansen