Psykolog
Psykologtenesta er eit lågterskeltilbod til born og unge mellom 0-23 år, familiane deira, og aktuelle instansar kring bornet. Lågterskel betyr at me ikkje krev tilvising frå lege.
Psykologen gjer tilbod retta til personer med lette til moderate psykiske vanskar. Det er ein psykologspesialist i tenesta vår. Arbeidet er knytt til psykisk helse og psykososiale problemstillingar. Psykologen arbeider i hovedsak med å rettleia fagpersonar som treff born og ungdom, men treff enkelte gonger born og foreldre direkte.
Psykolog arrangerer barselgrupper og tilbodet er gratis.
Tiltak
- Gruppetilbod – “Barselgruppe med vri”, “Open helsestasjon”
- Kurs i “Godt samliv” og “COS”
- Rettleiing til personalet i barnehagen, både knytt opp mot enkelte barn eller tema
- Foreldrerettleiing/Rettleiing til personale ved skular i «Zippy»
- Rettleiar til personale ved skulehelsetenesta i «Cool kids»
- Deltaking på BTI-møte med personalet i barnehage og foreldre
- Helsefremjande og førebyggjande arbeid og tidleg innsats utgjer hovedarbeidsområda
- Tilgjengelegheit til fastsatte tidspunkt for henvendelser frå fagpersoner som arbeider med barn og unge i oppvekstsektor for drøftingar kring psykisk helse
- Inngå i kommunen sitt planarbeid for tidleg og systematisk innsats for helse- og mestringsfremjande læringsmiljø i barnehage og skole.
Kontakt
Alle spørsmål til psykolog skjer gjennom kontakt med helsepersonell eller tilsette i skule, barnehage, barnevern, PPT og forvaltningskontor.