
Kommunale utleigebustader
Ullensvang kommune disponerer ulike typar utleigebustader som vert leigd ut fortrinnsvis til eldre og andre vanskelegstilte på bustadmarknaden. Korttidsutleige for tilflyttarar eller andre som treng rask busetjing kan vera aktuelt dersom det er ledige eigna bustader.
Kommunale gjennomgangsbustader, (ordinære utleigebustader), vert tildelt av Bustadkontoret. Søknadsskjema finn du link til under her. Vurdering av søknader om kommunal gjennomgangsbustad vert tatt opp i Bustadrådet, som er tverrfagleg samansett og rådgjevande ved tildeling av kommunale gjennomgangsbustader. Tildeling av kommunal gjennomgangsbustad vert gjort ein gong i månaden. Ved akutt behov ta direkte kontakt med Bustadkontoret eller via Nav.
Omsorgsbustader vert tildelt av Tildelingskontoret. Informasjon og søknadsskjema finn du link til under > Informasjon om – Omsorgsbustader.
Retningsliner
Retningsliner for tildeling av kommunal bustad i Ullensvang kommune vart vedtekne i Utval for kultur og levekår, sak 024/21 04.05.2021. Desse er gjeldande frå 01.06.2021.
Oppseiing av husleigeavtale
Oppseiinga sender du til postmottak@ullensvang.kommune.no
Feil og manglar
Melding om feil og manglar på alle kommunale utleigebustader – kontakt Bustadkontoret måndag – fredag kl. 08.00-15.00 (tlf. nr sjå kontaktkort under).
Hastesaker utanom opningstida til Bustadkontoret: tlf. 468 77 791.
Har du har spørsmål - ta kontakt

Ullensvang kommune v/ Bustadkontoret
Opheimsgata 31
5750 Odda
postmottak@ullensvang.kommune.no
468 76 641