Grønt ikon av familie inne i eit hus beskytta av to hender

Omsorgsbustad

Omsorgsbustader er ikkje ei teneste som vert tildelt etter helse- og omsorgstenestelova, men omfattar ulike typar bustader som er tilrettelagde for omfattande helse- og omsorgsbehov utanfor institusjon.

Kven får tildelt omsorgsbustad

Brukar må vera over 18 år, og folkeregistrert i Ullensvang kommune. Omsorgsbustad er for eldre, uføre og personar med nedsatt fysisk eller psykisk funksjon og andre med pleie- og omsorgsbehov der eigen bustad ikkje lenger er tilpassa deira behov.

Brukar sin noverande bustad er lite funksjonell, og gjev lite rom for utnytting av brukar sine ressursar til eigenomsorg. Noverande bustad kan i liten grad tilpassast og tilretteleggjast.

 

Praktiske opplysningar

Omsorgsbustader er fysisk tilrettelagde bustader med livsløpsstandard. Formålet med omsorgsbustader er å kunne gje eit husvære til bebuarar med nedsett funksjonsevne, slik at desse kan ha eit mest mogleg sjølvstendig liv.

Omsorgsbustad vert tildelt ut frå behov på bakgrunn av kartlegging utført av tildelingskontoret eller av tenesta.

Tildeling av omsorgsbustad kan hindre eller utsetje trong for institusjonsopphald, og gje søkjar auka sjølvstende i eigen kvardag.

 

Møblering og hjelpemiddel:

  • Omsorgsbustaden møbleres av leigetaker.
  • Det er mogeleg å søke om hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentralen til bustaden

Helsehjelp og praktisk bistand vert tildelt ut frå kartlegging av behov på same måte som i vanleg bustad.

 

Pris

Leigeforholdet vert regulert av husleigelova og ein inngår husleigeavtale med Ullensvang kommune. Leigetakar kan søke bustøtte frå Husbanken.

Omsorgsbustader for eldre, uføre, psykisk sjuke og rusavhengige i Ullensvang kommune er fordelt i kommunen i Odda, Røldal, Kinsarvik, Utne og Jondal.

 

Artikler