Kommunale utleigebustader
Ullensvang kommune disponerer ulike typar utleigebustader som vert leigd ut fortrinnsvis til eldre og andre vanskelegstilte på bustadmarknaden.
Kommunale gjennomgangsbustader, (ordinære utleigebustader), vert tildelt av Bustadkontoret. Søknadsskjema finn du link til under her. Vurdering av søknader om kommunal gjennomgangsbustad vert tatt opp i Bustadrådet, som er tverrfagleg samansett og rådgjevande ved tildeling av kommunale gjennomgangsbustader. Tildeling av kommunal gjennomgangsbustad vert gjort ein gong i månaden. Ved akutt behov ta direkte kontakt med Nav.
Omsorgsbustader vert tildelt av Tildelingskontoret. Informasjon og søknadsskjema finn du link til under > Informasjon om – Omsorgsbustader.
Oppseiing av husleigeavtale
Oppseiinga sender du til postmottak@ullensvang.kommune.no
Feil og manglar
Melding om feil og manglar på alle kommunale utleigebustader – kontakt Bustadkontoret måndag – fredag kl. 09.00-14.00.
Bustadkontoret
Ullensvang kommune v/ Bustadkontoret
Opheimsgata 31
5750 Odda
postmottak@ullensvang.kommune.no
46 87 66 41
Hastesaker utanom opningstida til Bustadkontoret
Vakttelefon Byggdrift
46 87 77 91