Kommunal tiltaksstrategi for Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) 2021– 2024
Ullensvang kommune – revidert 08.02.2023.
1. Tidsrom
Tiltaksstrategien gjeld for år 2021 til og med år 2024.
2. Overordna planar og målformuleringar
Overordna planar:
- Regionalt miljøprogram for Vestland (RMP).
Det skal vera ei sterk kopling mellom ordningane i SMIL og RMP. SMIL skal nyttast i større
grad som investeringsstøtte, og RMP som eit årleg skjøtselstilskot opp mot drifta av
miljøkvalitetane. - Handlingsplan for landbruk vestland
- Kommuneplan
- Forvaltningsplan for utvalde kulturlandskap
Miljøtema | Målformulering |
---|---|
MiljøtemaAvrenning til vassførekomstar, utslepp til jord eller luft | MålformuleringRedusere miljø- og helserisikoen ved bruk av plantevernmidlar. Tiltak for å redusere risiko for- /og forureining ved utslepp til jord, vatn eller luft frå jordbruksareal, fôr eller gjødsel. Tiltak som medverkar til å redusere forureining kan og medverka til betre agronomisk driftspraksis og tilpassing til klimaendringar. |
MiljøtemaKulturlandskap | MålformuleringJordbruket sitt kulturlandskap skal takast vare på og utviklast gjennom aktiv drift. Verdiane i kulturlandskapet skal nyttast i næringssamanheng, til utvikling, samt produksjon og sal av varer og tenester i tilknyting til landbruket. Lokal matkultur og kulturlandskap skal setjast saman til heilskaplege opplevingsprodukt for reiselivet. |
MiljøtemaBiologisk mangfald | MålformuleringTa vare på biologisk mangfald og økosystem, der samspelet mellom menneskeleg aktivitet og naturgrunnlaget knytt til arealbruken, dannar leveområde for planter og dyr. Auka bruk og vern av landbruket sine genetiske ressursar. Status for trua artar i jordbruket skal betrast. |
MiljøtemaKulturminne og kulturmiljø | MålformuleringTa vare på kulturminne og kulturmiljø gjennom skjøtsel, vedlikehald og istandsetjing. Ta vare på freda og verneverdige bygningar som potensiale for næringsutvikling. Sikra og utvikla tradisjonsboren kunnskap knytt til teknikkar og driftsformer. |
MiljøtemaTilgjenge og friluftsverdiar | MålformuleringKulturlandskapet skal vera ei kjelde til rekreasjon og oppleving, og slik medverka til å byggja identitet. Gje auka tilgang til jordbruket sitt kulturlandskap gjennom sti- og turvegnett, slik at samfunnet si trong for areal til rekreasjon vert sikra. |
3. Tematiske prioriteringar i rekkjefylgje - tilskotsordningar og type tiltak:
A. Ureiningstiltak
Omfattar tiltak som reduserer risikoen for erosjon på jordbruksareal, som reduserer avrenning frå jordbruksareal til vassførekomstar, eller som reduserer forureinande utslepp frå jordbruket til jord og luft.
Prioriterte tiltak er:
- Bygningsmessige miljøtiltak. Aktuelle tiltak kan vera å byggje tak over opne gjødsellager
- Utbetring og supplering av hydrotekniske anlegg, kumdammar, opning av bekkelukkingar mm. Ev. søknader som gjeld hydrotekniske tiltak bør òg vurderast opp mot forskrift om tilskot til drenering der dette høver.
B. Tiltak som tek i vare og legg til rette for auka biologisk mangfald
Omfattar tiltak som kan fremje biologisk mangfald gjennom å ta vare på dyr og planter på gamal kulturmark. Tiltaka skal føra til at livskraftige bestandar vert tekne i vare, og at leveområda for dyr og planter i eller i tilknyting til kulturlandskapet vert oppretthaldne. Aktuelle tiltak kan vera etablering, istandsetjing, utbetring og skjøtsel av område og landskapselement på gamal kulturmark, som tek i vare leveområde for plantar og dyr. Viktige landskapselement for biologisk mangfald er bekker, vassvegar og vassmiljø, elvelandskap, edellauvskog, urterike og kalkrike slåtteenger, naturbeitemarker, kantsoner, fjellbjørkeskog, barlind/ kristtorn, våtmarksområde, stølsvollar og beiteeng.
Prioriterte tiltak er:
- – Restaurering av artsrik slåttemark som har vore langvarig halde i hevd gjennom regelmessig slått. Gjødsling og jordarbeiding må ikkje ha vore praktisert. Areala skal etter restaureringa skjøttast i samsvar med retningsliner fastsett av Statsforvaltaren, og skal verta registrerte i www.naturbase.no. Med restaurering meinast t.d. rydding av tre og buskar, fjerning av røter, avfall, steinar, strø, mosetuer, samt såing.
– Restaurering og inngjerding av artsrike, biologisk verdifulle beiteareal som har langvarig halde i hevd utan nemnande gjødsling eller jordarbeiding, t.d. haugar og tørrbakkar. Areala skal etter restaureringa skjøttast i samsvar med retningslinjer fastsett av Statsforvaltaren, og skal verta registrerte i www.naturbase.no som naturbeitemark, hagemark eller strandeng. - Etablering av nye styvingstre på innmark eller utmarksbeite som er i drift.
C. Planlegging og tilrettelegging av samarbeid om fellestiltak
Omfattar tiltak for å få ein meir heilskapleg og samordna innsats, og få i gang prosessar som sikrar breiast mogleg involvering og forankring i miljøarbeidet.
Prioriterte tiltak er:
- Utarbeiding av beitebruksplanar som leier fram til konkrete fellestiltak.
- Utarbeiding av skjøtsels-/ forvaltings-/ kulturlandskaps- planar som leier fram til konkrete fellestiltak.
D. Tiltak som tek i vare kulturminne og kulturmiljø
Omfattar tiltak som skjøtsel, vedlikehald og istandsetjing etter kulturminnefaglege retningsliner, bevaring og planlagt bruk av verneverdige bygningar, kulturminne eller kulturmiljø. Kulturminne er alle spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø, samt lokalområde som det er knytt historiske hendingar, tru og tradisjon til. Eit kulturmiljø er eit område der kulturminne går inn som ein større heilskap eller samanheng
Verneverdige bygningar er: buer og loft, bøkkerverkstader, båtbyggjarmiljø, glasstover, handelsstader, husmannsplassar, klyngetun, loft, løer m/ høy- og kornbrot/stall, rekkjetun, røykstover, samanbygde våningshus-låve, smier, stølsmiljø, vassdrivne sager, vognhus, tømrahus, utløer, vårflorar.
Aktuelle kulturminne og kulturmiljø er: bakkemurar, bastegraver, brakeløer, eldhus, fangstinnretningar, geiler, gjerder, gravrøyser/-haugar og helleristingar, hellerar, hustufter, ishus, jernvinner, kaianlegg, koldeholer, kolmiler, korntørke/tørkestover, kraftstasjonar, kvernhus, laksegiljer/ lakseskjær/ andre fiske- og fangstinnretningar, løypestrengar, mjølkeramper, møller/ stampehus, namnesteinar, naust, oppgangssager, rydningsrøyser, smier, stabbesteinar, stabbur, stamper, steinbuer, steingardar, stemmer, stølshus, steinstolpar, torvtak, troskykkjer, tufter, utløer, vardar, og vårflorar. Det vert ikkje ytt tilskot til eldre våningshus som vert nytta som bustad for eigar.
Prioriterte tiltak er:
- – Restaurering av verneverdige bygningar i kulturmiljø:
a. Klyngetun, rekkjetun, husmannsplassar, handelsstader. Naustmiljø.
b. Stølsmiljø.
– Restaurering av gamle landbruksbygg som skal takast i bruk til ny næring eller som inntektskjelde.- Restaurering av høge steingardar på innmarksareal.
- Bruk av hesjing som tradisjonell driftsform.
- Andre verneverdige bygningar.
Ved handsaming av SMIL-søknader som gjeld kulturminne og kulturmiljø bør det kontrollerast om tiltaket òg får/kan få tilskot frå andre. (Kulturminnefondet, SEIM- stiftinga mfl.)
E. Tiltak som tek vare på gamal kulturmark
Omfattar tiltak som tek i vare kulturbeite, plante- og dyreliv, biologisk mangfald og landskapsbilete knytt til gamal kulturmark som beitehagar, beitemark, einerbakkar, frukthagar, hasselskog, bjørkehagar, kantsoner/ kantslått, styvingslandskap, elvesletter, nyttehagar, tørrenger, stølsvollar og utslåtter. Aktuelle tiltak kan vera istandsetjing og skjøtsel gjennom beiting, slått, styving eller anna hausting av gamal kulturmark i inn- og utmark.
Prioriterte tiltak er:
- Tiltak skildra i beitebruksplanar.
- Restaurering og inngjerding av gamle innmarksbeite.
- Tiltak i område som er nemnd i naturtypekartlegginga av Ullensvang. Ved handsaming av SMIL-søknader som gjeld gamal kulturmark bør det kontrollerast om tiltaket òg får/kan få RMP-tilskot, ev. tilskot frå andre (Statsforvaltaren si miljøvernavdeling, Gjensidige -stiftinga mfl.).
F. Tiltak som legg til rette for større tilgjenge og auka opplevingsverdi i landskapet
Omfattar tiltak som aukar moglegheita for rekreasjon og friluftsliv i jordbruket sitt kulturlandskap gjennom å leggja til rette for ferdsel til fots, og opplevingar. Aktuelle tiltak kan vera rydding av samanhengande sti- og turvegnett i tilknyting til vegar i landskapet, som forenklar tilkomsten til utmark og strandsoner.
Viktige ferdselsstiar er: drageider, driftevegar, ferdselsvegar, geiler, kongevegar, kulturlandskapsløyper, kyrkjevegar, postvegar, sjoarvegar, sleper, støls- og buførevegar, trapper.
Prioriterte tiltak er:
- Tiltak som førebyggjer konfliktar mellom landbruk og ålmenta, t.d. sjølvlukkande
grinder og gjerdeklyv. - – Tiltak i område der det er gjort eller planlagt andre skjøtselstiltak.
– Rydding av stiar som gjev tilgjenge til natur- og friluftsområde.
– Merking og skilting av stiar.
Val av særskilde tema
Det kan vera aktuelt å årleg prioritera særskilte tema for bruken av SMIL-midlane, innanfor ramma av strategien. Dette vil verta gjort i samarbeid med faglaga i landbruket, og på bakgrunn av t.d. særskilte prioriteringar signalisert frå fylkesnivå. Tilskotsordninga skal sjåast i samanheng med pågåande regionale utviklingsprosjekt i fylket som er knytt til vassforskrifta, kulturlandskap, kulturminne og bygningsarva.
Døme på pågåande regionale prosjekt er:
- Reduksjon av ureining
- Utvalde kulturlandskap
4. Mogeleg aktivitet for auka satsing/ søknadsmengd
Bidrag til eksterne samarbeidspartar:
Landbruksrådgjevinga, Bondelag, Bonde- og småbrukarlag, Hagebrukslag, Hardanger Folkemuseum.
Gjennom samarbeidspartar internt og eksternt:
kommuneplanleggjaren, folkehelsekoordinator, turlag, helselag, idrettslag, bygdekvinnelag, bygdelag, og Statsforvaltaren si Landbruksavdeling.
- Arbeida for å kopla aktive jordbruksføretak og eigarar av viktige miljøverdiar der drifta er avvikla, slik at desse verdiane kan haldast i hevd.
- Informasjonsarbeid: markdagar, kurs, studieturar, informasjonskveldar.
5. Forventa trong for økonomiske verkemiddel i tidsrommet for strategien:
Retninga for søknadsmengd dei siste åra: I Ullensvang kommune har heile det tildelte tilskotet til kommunal ramme for Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) vore nytta, med unntak for 2022 då det var ein liten rest.
Satsingsområde framover i perioden:
- Redusera ureininga frå landbruket.
- Restaurering av artsrike slåttemarker og biologisk verdifulle jordbruksareal.
- Utarbeiding av beitebruksplanar som leier fram til konkrete fellestiltak.
- Restaurering av kulturminne og kulturmiljø.
Forventa trong for økonomiske verkemiddel:
Det er forventa trong for 10 % årleg auke av tildelte SMIL-midlar i tidsrommet for strategien.
Ullensvang kommune ynskjer å informera betre om SMIL-ordninga, slik at framtidige søknader vert meir målretta denne tilskotsordninga.
Søknadsfrist 01. mars. Dersom ikkje heile ramma vert nytta, eller at det vert inndrege midlar av eit visst omfang, vert midlande brukt fortløpande på innkomne søknadar.
Retningsgjevande satsar for berekning av SMIL-tilskot i Ullensvang kommune
Miljøtema | Tiltak | Inntil tilskot i % | Maks kostnad per. eining, eller reell kostnad |
---|---|---|---|
MiljøtemaBiologisk mangfald | Tiltak | Inntil tilskot i % | Maks kostnad per. eining, eller reell kostnad |
MiljøtemaBiologisk mangfald | TiltakRestaurering slåttemark | Restaurering artsrik beiteareal | Inntil tilskot i %100% | Maks kostnad per. eining, eller reell kostnadKr. 3000,- per daa |
MiljøtemaBiologisk mangfald | TiltakGjerding | Inntil tilskot i %100% | Maks kostnad per. eining, eller reell kostnadKr. 75,- per m |
MiljøtemaBiologisk mangfald | TiltakStyving | Inntil tilskot i %100% | Maks kostnad per. eining, eller reell kostnadKr. 650,- per tre |
MiljøtemaKulturminne og kulturmiljø | TiltakSteingardar | Stølsmiljø | Naustmiljø | Klyngetun, rekkjetun | Handelsstader | Husmannsplassar | Inntil tilskot i %70% | Maks kostnad per. eining, eller reell kostnadVert fastsett etter konkret vurdering frå kommunen i kvar einskild sak. |
MiljøtemaKulturminne og kulturmiljø | TiltakHesjing | Inntil tilskot i %50% | Maks kostnad per. eining, eller reell kostnadKr. 2000,- per daa |
MiljøtemaFellestiltak: planlegging og tilrettelegging | Tiltak | Inntil tilskot i %100 % | Maks kostnad per. eining, eller reell kostnadVert fastsett etter konkret vurdering frå kommunen i kvar einskild sak. |
MiljøtemaGamal kulturmark | TiltakRestaurering av beite | Inntil tilskot i %50 % | Maks kostnad per. eining, eller reell kostnadKr. 3000,- per daa |
MiljøtemaGamal kulturmark | TiltakGjerding | Inntil tilskot i %50 % | Maks kostnad per. eining, eller reell kostnadKr. 75,- per m |
MiljøtemaVerneverdige bygg | Tiltak | Inntil tilskot i %70 % | Maks kostnad per. eining, eller reell kostnadVert fastsett etter konkret vurdering frå kommunen i kvar einskild sak |
MiljøtemaTilgjenge, opplevingskvalitet | TiltakRydding av sti | Skilting | Gjerdeklyv | Ganggrind | Inntil tilskot i %50% | Maks kostnad per. eining, eller reell kostnadVert fastsett etter konkret vurdering frå kommunen i kvar einskild sak. |
MiljøtemaUreining | Tiltak Bygningsmessige miljøtiltak | Hydrotekniske anlegg | Inntil tilskot i %70% | Maks kostnad per. eining, eller reell kostnadVert fastsett etter konkret vurdering frå kommunen i kvar einskild sak. |
MiljøtemaUreining | TiltakErosjonsutsette produksjonsareal | Miljøplanting | Fangdammar | Økologiske reinsetiltak | Inntil tilskot i %70% | Maks kostnad per. eining, eller reell kostnadVert fastsett etter konkret vurdering frå kommunen i kvar einskild sak. |