Kartlegging av kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag frå tidl. Jondal kommune

Samandrag

Norconsult har på oppdrag frå Jondal kommune utført kartlegging av kritiske punkt i bekkar og bratte vassdrag i Jondal kommune. Kommunen har fått økonomisk støtte frå NVE til å gjennomføre dette prosjektet. Norconsult har bidrege med utvida analysar av dei kritiske punkta: nedbørfelt, dreneringslinjer, berekning av vassføring, hydraulisk kapasitet og ei ROS-analyse av kvart kritisk punkt.

Det var kartlagd 66 kritiske punkt i 40 ulike vassdrag. Vassdraga er fordelte på Herand, Svåsand, Tømmerviki til Solesnes, Jondal (inkludert Krossdalen), Belsnes til Skiparviknes, Kysnes og Hesvik. Det er gjort ei ROS-analyse ved alle punkta. ROS-analysen tek utgangspunkt i at bekkane er reinska opp i inntaka, og ikkje tetta igjen. Den tek og utgangspunkt i at inntaka er i god fatning.

Det er 22 av dei kritiske punkta som er i kategori «uakseptabel risiko» basert på ROS-analysen. Det er anbefalt tiltak for å redusere skadeomfang ved overfløyming ved desse punkta. Før eventuell oppdimensjonering blir føretatt, anbefalast det å reinske for lausmassar og vegetasjon. Nokre av inntaka er i dårleg fatning, og bør bytast ut, sjølv om dei er store nok. Før endringar i bekkeløp og/eller byte/oppdimensjonering av inntak, må det alltid gjerast ei fagleg vurdering av kva tiltak som er naudsynt og kva konsekvensar det kan få nedstraums i bekkeløpet. Det bør også gjerast ei nærare vurdering av flaumverdiar og kapasitet før eventuell oppdimensjonering.