Jondal miljøstasjon

Jondal miljøstasjon finn du på Pineskår i Jondal.

Opningstid

  • Torsdag: kl. 12.00 – 18.00
  • 4. laurdag kvar månad kl. 12.00 – 15.00

Det er betaling for volum, ikkje vekt, ved miljøstasjonane.

Der er ikkje lov å levere avfall i farga søppelsekkar. Kvar farga sekk vil koste kr 40,- i gebyr. Dette gjer me for å få meir kontroll på innhaldet i sekkene.

Priser, avgifter og gebyr for renovasjonstenesta finn du i Framsikt > Renovasjon

Vi tek ikkje imot avfall i farga sekk på miljøstasjonane. Du kan heller ikkje bruke gratissekkane til plastemballasje som bossekk.

Vi vil gjerne sjå kva du kastar på stasjonane våre. Om du lyt bruke sekk når du leverer avfall, så må sekken vera gjennomsiktig ved levering på miljøstasjonen. Vi gjer merksam på at regelen med gjennomsiktig sekk gjelder alle typar avfall, også kjeldesortert avfall og hageavfall.

Ikkje bruk sekker meint til plastemballasje
Kommunen sine sekkar du får gratis til plastemballasje vert ofte brukt feil som søppelsekk. Frå 1. januar 2021 tek vi kun imot slike sekkar dersom dei er fylt med plastemballasje.

Lever gjerne avfall laust
Det er ulike måtar folk vel å levera skrot til miljøstasjonane på. Mange legg ting dei skal kaste laust i ein tilhengar, eller i ein open kasse eller liknande. Dette er eit greit alternativ til sekk. Vel du derimot å samla saman avfall i ein sekk, for eksempel restavfall som isopor, vednett, mindre plastgjenstandar og liknande, så lyt sekken vera gjennomsiktig frå 1. januar. Det er heller ikke godkjent å transportera avfall i svart sekk, sjølv om du heller ut innhaldet.

Slik får du fatt i sekker
Gjennomsiktige avfallssekker får du kjøpt på mange daglegvarebutikkar og dei fleste byggevarehus. I butikker finn du sekker i ulik kvalitet til ulik pris. På alle kommunen sine miljøstasjonar sel vi rullar med ti gjennomsiktige sekker for femti kroner, eller ein sekk for fem kroner. Tenk gjenbruk! Eit tips er å tøma innhaldet ut av sekkene, og bruk dei opp att ved neste avfallslevering.

Gjennomsiktige sekker for miljøet
Når avfall vert levert i svarte- og farga sekker veit vi at farleg avfall og elektronikk dessverre ofte kastast feil som restavfall. Siden slikt avfall inneholder miljøgifter og gir auka brannrisiko, lyt det spesialbehandlast. Farga sekker inneheld også anna avfall som burde vore sortert i ulike containerar. Gjennomsiktige sekker aukar materialattvinninga og sikrar ein meir miljøvenleg bruk av avfallsressursane.

Kontakt oss

Ullensvang renovasjon

Opheimsgata 31

5750 Odda

renovasjon@ullensvang.kommune.no

48 27 87 33

u-ren.no