Vassmåler inne i skap med rør rundt seg

Informasjon om vassmålar

Eigar av bustadeigedom kan velja om han vil betala forbruksgebyr for vatn og avløp etter målt vassforbruk med vassmålar eller stipulert forbruk i høve til bruksareal. Næringseigedomar og offentlege verksemder skal ha installert vassmålar jamfør Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Ullensvang kommune § 5. Kvart år vert det ei avrekning av innbetalt gebyr i forhold til forbruk (avlest vassmålarstand).

Kor tid skal vassmålaren lesast av?

Desember kvart år skal vassmålaren lesast av. Du skal rapportera inn målarstanden når du får sms eller avlesingskort. Dersom du ikkje er heime, hugs å notera vassmålarstand før du reiser og svar når du får SMS-varsel eller rapporter inn målarstanden til postmottak@ullensvang.kommune.no før du reiser. 

 

Korleis skal vassmålarstanden rapporterast til Ullensvang kommune?

  • ved å svare på tilsendt SMS

Dei som ikkje får SMS, vil få tilsendt avlesingskort og har følgjande val:

  • registrere vassmålarstanden på http://leseav.no/
  • returnere svarslipp til kommunen

Er du registrert som mottakar av varsel for fleire vassmålarar, vil du få SMS varsel per vassmålar.

 

Eg har fått avlesingskort, men ynskjer sms-varsel. Kva gjer eg?

Har du ikkje fått SMS varsel og ynskjer dette, kan du registrera mobilnummer til neste avlesing via leseav.no eller skrive det på svarslipp som du sender i retur til kommunen. Kommunen sender SMS varsel til rekningsmottakar eller kontaktperson til vassmålaren. 

På det nasjonale kontaktregisteret www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon kan du kontrollere kva mobilnummer og e-postadresse du er registrert med. Systemet vil òg gjere oppslag på 1881.no. 

 

Korleis lese av vassmålar?

  • ikkje ta med raude tal
  • ikkje ta med tal bak komma

Ved feil avlest målarstand via SMS eller internett kan du foreta ny avlesing. Den siste rapporterte vassmålarstanden vert gjeldande. 

Du kan ikkje få utsett svarfrist for vassmålaravlesing. Kommunen vil stipulere forbruket ut i frå tidlegare forbruk og generere gebyr på bakgrunn av dette. Kommunen kan krevje kontroll av vassmålaren.

Bilete: For denne vassmålaren er korrekt rapportert målarstand 623.

 

Eigarskifte

Kommunen føretek ikkje oppgjer av vassmålar eller resterande kommunale eigedomsgebyr. Eigarskifte som skjer midt i ein termin er ei sak mellom kjøpar og seljar. Me registrerer ny eigar når tinglysinga kjem opp i vårt system. Det er registrert eigar som til ei kvar tid er ansvarleg for gebyra som ligg på eigedomen.

 

Kva er normalt forbruk av vatn/avløp?

Vanleg forbruk for ein vaksen person per år er mellom 40 – 60 m3. Vassforbruket vil variere etter bruk og tal på personar som brukar huset/bygget. Omrekningsfaktor frå m2 til m3 er 1,2. Det vil seie at dersom huset ditt har eit bruksareal på 120 m2, betalar du for 120 m2 * 1,2 = 144 m3. Brukar du mindre vatn enn 144 m3 vil det i lengden svara seg med vassmålar.

 

Fritak for vass- og avløpsgebyr

Etter skriftleg søknad kan Ullensvang kommunen gje fritak for gebyr når gebyrpliktig bygning fysisk vert kopla frå vassnettet. Vassmålarstand skal rapporterast ved søknad, og skal lesast av kvart år sjølv om eigedomen har fritak.

Tallvindu i vassmålar. Foto.For denne vassmålaren er korrekt rapportert målarstand 623.