Informasjon om motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark – vintersesong

I samband med utskriving av motorferdselløyver for vintersesongen har Tilsynsutvalet i Vestland forsøkt å lage eit hovudløypenett for motorferdsel på snødekt mark i Vestland sin del av nasjonalparken.

Dette er eit forsøk på å kanalisere motorferdsla, og om mogeleg handtere evnt. løype-endringar i periodar, som måtte kome som fylgje av omsyn til villrein eller andre.

Ein forutsetning for at dette skal lukkast er at me registrerer alle løyvehavarar med mobilnummer, og at me kan nå desse med ei felles utsending av SMS om evntuelle endringar i løpet av løyveperioden.

Det betyr vidare at alle løyvehavarar må sjekke mobilen sin før transporten skal føregå for å få med seg om det er sendt ut informasjon om evnt. stenging av løyper. Det vil då vera krav om enten å bruka ei alternativ løype, eller å utsetje transporten.

Hovudløypenettet, som er nummerert, skal vera løyper som dei fleste nyttar største del av transportstrekningen. Motorferdselløyvet vil vera spesifisert med avkøyring frå hovudløypa etter kortaste strekning fram til endemålet for turen. Søkjar vert difor beden om å tekne inn i kart traseen ein ynskjer køyre frå hovudløypa. Dette skal fylgje som vedlegg til søknaden.

Viser elles til lysing om søknad om motorferdsel for vintersesong 2021 – 2024 samt retningsliner datert 02.11.2020.

 

Link til hovudløypekartet finn du her: kommunekart.com