Søknad om motorferdsle innan Hardangervidda nasjonalpark
Søknadsfristar for motorferdsel innanfor Hardangervidda nasjonalpark er 10. juni for barmarksesongane, og 10. november for vintersesongane.
Søknadane gjeld for Ullensvang og Eidfjord.
Søknadsskjema kan du finna her på heimesida eller på innbyggartorga i Ullensvang kommune og Eidfjord kommune.
Spesielt for barmarksesong
Barmarksesongen er perioden frå det er snøfritt til snøen legg seg att (15.06 – 30.11.). Ber om at de som søkjer avgrensar søknadsperioden til aktuell veke, ikkje heile barmarksperioden.
Tiltaksplanarbeidet med å tilretteleggja for at villreinen kan ta i bruk nordvestvidda til kalving/oppvekstområde gjer at me oppfordrar alle som kan om å utsetje motorferdsla til etter 1. august i områda ved Hellevass, Bjørnadalen, Kvennadalen, Litlos, Torehytta, Hadlaskard.
For dei som søkjer landingsløyve på Statsallmenning er krav til å leggje ved kvittering av løyst garnfiskekort eller gyldig storviltjaktkort.
Spesielt for vintersesong
Tilsynsutvalet i Vestland har utarbeida eit løypekart som skal fylgjast, med avstikkar til endemål for turen etter kortaste strekning. Løypekartet finn du her.
Alle som får utstedt løyve vert registrert med mobilnummer og vert gjorde merksam på at dei er pliktige til å sjekka om dei har motteke SMS frå Tilsynsutvalet Vestland vedkomande stengning/alternativ køyrerute før dei reiser til fjells.
Ber om at du som vedlegg til søknadsskjemaet legg ved kart med innteikna køyrerute du ynskjer å nytta.
Hugs at alle opplysningane må vera med, har du byggjeløyve eller leigeavtale med hyeeigar/grunneigar, skal det leggjast ved kopi av desse.
Mangelfulle søknader vert sende i retur.
Nytta og unytta løyve
Me ber og om at dei som ikkje har returnert nytta og/eller unytta løyver etter kvar sesong sender desse attende snarast.
Spørsmål kan rettast til:
Tilsynsutvalet i Vestland for Hardangervidda nasjonalpark
Sandvikevegen 11
5780 Kinsarvik
tilsynsutvalet.hordaland@ullensvang.kommune.no
53 65 40 00 / 41 63 12 84
Anne Gerd Nysveen
Tilsynsutvalet i Vestland - for Hardangervidda nasjonalpark
tilsynsutvalet.hordaland@ullensvang.kommune.no
53 65 40 00 / 41 63 12 84