Doktor som setter inn høreapparat på jente

Hjelpemiddel

Tekniske hjelpemiddel har som føremål å bidra til at born, vaksne og eldre med funksjonsvanskar skal meistre kvardagen sin mest mogeleg sjølvstendig og kunne delta i samfunnet elles. Hjelpemiddel kan også nyttast for å lette pleie av sjuke og dei med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har akutt eller midlertidig trong for hjelpemiddel, kan du låna det frå kommunen sitt korttidslager. Har du varig redusert funksjonsevne på grunn av sjukdom, skade eller lyte, kan du søkje om hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral.

Korttidslån frå kommunen

Ved midlertidig behov for tekniske hjelpemiddel, kan ein få låne dette av kommunen. Kommunalt hjelpemiddellager har dei vanlegaste hjelpemidla til forflytning og primære behov. Eksempel er rollator, toalettforhøgar, dusj/ toalettstol, manuelle rullestolar o.l. Ergo- og fysioterapitenesta eller pleie-og omsorgstenesta kan formidle behov til lokalt hjelpemiddellager.

 

Varig lån frå NAV Hjelpemiddelsentral

Er behovet for hjelpemiddel varig må du søkje til NAV og få hjelpemiddel via Hjelpemiddelsentralen. Ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgstenesta kan gje deg bistand til å vurdere hjelpemiddelbehovet og skrive ein søknad til Hjelpemiddelsentralen.

 

Hjelpemiddel for rørsle
Dette er hjelpemiddel til personar med nedsett funksjonsevne som gjev vanskar med å klare daglege aktivitetar som forflytning, personleg stell, matlaging, ete og drikke, husarbeid m.m. Til dette kan du få hjelp frå t.d. ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar eller fastlege.

 

Hjelpemiddel for kognisjon
Dette er hjelpemiddel til personar som har vanskar med å hugse, planlegge og organisere eigen kvardag som følgje av demens, hjerneslag, medfødde kognitive vanskar m.m. Ergoterapeut kan hjelpe deg å søkje om slike hjelpemiddel.

 

Hjelpemiddel for kommunikasjon
Desse hjelpemidla omfattar t.d. utstyr brukt til å sjå, høyre, lese, skrive, telefonere, alarmere og utstyr til informasjonsteknologi. Tilsette ved PPT eller ergoterapeut kan hjelpa deg med dette.

 

Hjelpemiddel for høyrsle
Du treng utgreiing hos spesialist for å få høyrslehjelpemiddel. Fastlegen din kan tilvise deg til spesialist. Du kan også kontakte høyrslekontakt i kommunen for råd og praktisk hjelp.

Høyrslekontaktane i kommunen kan hjelpa med

  • kartlegging og formidling av høyrslestekniske hjelpemiddel
  • tilpasning og opplæring i bruk av høyrslestekniske hjelpemiddel

 

Høyrslekontaktar i kommunen

  • Odda – Bokko: Grethe Håvik, mob: 975 58 565
  • Utne: Gunnbjørg Aga Reisæter, tlf: 53 67 13 60
  • Kinsarvik: Svanhild Fagertveit Rørnes, mob: 911 61 954
  • Jondal – Vikevollen: Siv Digrebrekke, mob: 906 45 181

 

Doktor som setter inn høreapparat på jente. FOto.

Hjelpemiddel for syn

Du treng utgreiing frå augelege for å få synstekniske hjelpemiddel. Fastlegen din kan tilvise deg til spesialist.

Regional syns- og audiopedagogisk teneste i Hordaland (SAPT) kan kontaktast for utprøving og enkel opplæring i bruk av synshjelpemiddel. Dei kjem jamleg til Odda. Tlf. 53 03 72 50

Ergoterapeut i kommunen kan gje bistand i å søkje utprøving frå Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT) Søknadsskjema Syns- og audiopedagogisk teneste.

 

Tryggingsalarm/Trygghetsalarm

Bur du heime og treng å tilkalle hjelp i akutte situasjonar, kan du søkje om tryggingsalarm. Alarmen ber du på deg heile døgnet.

Målgruppe

  • Eldre, funksjonshemma og andre som kan føle seg utrygge ved å bu åleine
  • Heimebuande som har behov for bistand/tryggleik pga. fysisk, psykisk eller sosial funksjonssvikt

Om du treng bistand til utfylling av skjema kan du få hjelp av pleie- og omsorgstenesta der du bur.

Utlevering, innlevering og reparasjon

Hjelpemiddelteknikarar i kommunen har ansvar for utlevering, montering, enkle tilpasninger og reparasjoner av tekniske hjelpemidler og tryggleiksalarmar. Når hjelpemiddelet er tilgjengelig for utlevering vert du kontakta for nærare avtale om levering/montering/opplæring.

Har du hjelpemiddel ståande som du ikkje treng lenger, kan du melda frå til ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgstenesta. Vi vil sørge for at hjelpemiddelet vert henta.

Inn- og utlevering skjer frå kommunen sitt hjelpemiddellager på Hjøllo, samt mindre kommunale lager på Bråvolltunet, Utneheimen og Vikevollen.

Er hjelpemiddelet ditt øydelagt kan du melda frå til ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgstenesta. Dei tek kontakt med hjelpemiddelteknikar som avgjer om hjelpemiddelet kan reparerast lokalt eller om det må sendast inn til Hjelpemiddelsentralen for reparasjon.

 

Pris for tenesta

  • Lån av tekniske hjelpemiddel frå kommunen sitt korttidslager er gratis.
  • Lån frå NAV Hjelpemiddelsentral er i hovudsak gratis. Nokre hjelpemiddel for trening og aktivitet har ein eigendel, men dette vert opplyst når det er aktuelt.

 

Kontakt

Ved behov for tekniske hjelpemiddel kan du kontakte ergo- og fysioterapitenesta eller pleie-og omsorgstenesta der du bur.