Eldre dame

Heimesjukepleie (Helsetenester i heimen)

Helsetenester i heimen er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §§ 1-1, 3-1 og 3-2 punkt 6, bokstav a og omfattar ulike helsetenester som vert gjevne i heimen (sjukepleie, psykisk- og fysisk helseteneste).

*Tenestebeskrivinga skal opp til politisk handsaming, tar atterhald om endringar.

Den som vert tildelt tenesta helsehjelp i heimen kan

  • Ha trong for pleie og omsorg
  • Ha trong for sårbehandling
  • Ha trong for smertebehandling
  • Ha trong for oppfylging og observasjon av foreskrevet medikamentell behandling
  • Vere alvorleg sjuk med ynskje om å døy heime
  • Ha trong for oppfylging i forhold til psykisk helse
  • Ha trong for observasjon av sjukdomsutvikling

Tenesta vert tildelt for å hjelpe den som av fysisk og/eller psykiske årsaker ikkje kan ivareta eigen livssituasjon eller helse på ein forsvarleg måte.

For å få helsetenester i heimen, må ein bu eller opphalde seg i Ullensvang kommune.

Tenesta vert tildelt ut frå fagleg vurdering og prioritering til brukarar som treng helsehjelp, på bakgrunn av søknad, kartlegging av hjelpebehovet, opplysninger frå lege, pårørande eller andre.

Heimesjukepleien utfører medisinske oppgåver og tilsyn til personar som bur heime, som ikkje treng institusjonsopphald, tenesta kan nyttast når det er medisinsk forsvarleg å gje hjelpa utanfor sjukehus eller sjukeheim.

Heimesjukepleien har oppgåver knytt til den nødvendige helsehjelpa som brukaren har fått vedtak om. Oppgåvene kan vera:

  • Tilsyn, råd, veiledning og støttesamtalar
  • Tilrettelegging av måltider og oppfølging av ernæring
  • Hjelp til å stå opp og leggje seg, hjelp til personleg hygiene som dagleg stell og til dusj
  • Sårstell, hjelp og veiledning i stell av stomi, kateter, bruk av inkontinensutstyr og sonde.
  • Smertebehandling og hjelp til alvorleg sjuke og døyande
  • Generell oppfølging og helsefagleg observasjon
  • Oppfølging etter legebesøk og sjukehusopphald
  • Informasjon om tannhelsetilbod
  • Bistand til søknad om hjelpemidler og tilpasning av desse

Ein kan etter søknad frå lege få hjelp til legemiddelhandtering dersom ein ikkje er istand til å ta eigne medisiner. Legemidler vert i hovudsak administrert som multidosepakkar bestilt privat eller gjennom kommunen.

For brukarar som ikkje treng hjelp til å ta eigen medisin men slit med å lage til eller finna fram medisinen, skal legen som hovudregel bestilla multidose privat frå apoteket.

Brukaren vert oppfordra til å gjera dei oppgåvene han kan klare sjølv. Helsepersonell utfører ikkje oppgåver som brukaren sjølv kan gjera.

Helsetenester i heimen er ei døgnteneste og vert gjeve 24 timar i døgnet.  Me vil prøve å tilstrebe at brukaren får få personar å forhalde seg til, ein må vera førebudd på å motta hjelp av ulike personar. Hjelparane skal vera orientert om brukaren sin situasjon og behov for hjelp

Me kan ikkje avtala nøyaktig tid for besøket, men vil informere pr telefon dersom eit besøk vert svært forsinka.

Skulle det oppstå akutte situasjonar i tenesta, kan einskildoppdrag verta utsett eller avlyst.

Alle som mottek helsetenester i heimen minst 1 gong i veka over ein periode på meir enn 3 mnd, har rett til gratis tannlegebehandling frå offentleg tannhelseteneste.

  • Personar som treng akutt medisinsk /kirurgisk eller psykiatrisk behandling, desse skal bli vist til spesialisthelsetenesta.
  • Det vert ikkje innvilga følge til lege og til korttidsopphald i sjukeheim.
  • Skyss/transport i bil inngår ikkje i tenesteytar sine oppgåver.
  • Handling av matvarer er praktisk hjelp
  • Prøvetaking, undersøkingar, injeksjonar og lignande som blir tilbydd ved legesenter skal i hovudsak ikkje utførast i heimen.

Pris

Det vert ikkje krevd eigenbetaling for helsetenester i heimen.