Baby som ligg på magen og ser på kamera

Helsestasjon 0-5 år

Me tilbyr helsestasjonstenester til born 0-5 år på helsestasjonane våre i Jondal, Kinsarvik, Odda, Røldal og på Utne. Me er ei gratis teneste, med fokus på helsefremjing, førebygging og tidleg intervensjon.

Målet med helsestasjonstenesta er å

  1. fremja psykisk og fysisk helse
  2. fremja gode sosiale og miljømessige forhald
  3. førebyggja sjukdomar og skader

 

Her møter du

På helsestasjonen vil du møta helsesjukepleiarar, legar, psykisk helsearbeider, psykolog og sekretær. Me samarbeider med tilsette i barnehage, fysioterapeutar, familieterapeuter, barnevern, spesialisthelsetenesta for barn og unges psykiske helse (BUP), koordinerande eining og pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) m.fl.

Dersom barnet er sjuk og treng legetilsyn, kontakt fastlegekontoret eller legevakt på 116 117.

 

Helsestasjonane våre

HelsestasjonBesøksadresse:HelsesjukepleiarTelefonE-post
Helsestasjonavd. JondalBesøksadresse:Jondal legekontor, Vikevollen, 5627 JondalHelsesjukepleiarIngvild Vinertun BleieTelefon90 51 72 84E-postingvild.vintertun.bleie@ullensvang.kommune.no
Helsestasjonavd. OddaBesøksadresse:Smelteverket 61, 5750 OddaHelsesjukepleiarArnhild NæsheimTelefon97 55 86 73E-postarnhild.naesheim@ullensvang.kommune.no
Helsestasjonavd. OddaBesøksadresse:Smelteverket 61, 5750 OddaHelsesjukepleiarMerethe JordalTelefon97 55 86 56E-postmerethe.jordal@ullensvang.kommune.no
Helsestasjonavd. OddaBesøksadresse:Smelteverket 61, 5750 OddaHelsesjukepleiarIngvild Vinertun BleieTelefon90 51 72 84E-postingvild.vintertun.bleie@ullensvang.kommune.no
Helsestasjonavd. KinsarvikBesøksadresse:Sandvikevegen 11, 5780 KinsarvikHelsesjukepleiarSilje BrattespeTelefon47 68 92 61E-postsilje.brattespe@ullensvang.kommune.no
Helsestasjonavd. RøldalBesøksadresse:Kyrkjevegen 7, 5760 RøldalHelsesjukepleiarArnhild NæsheimTelefon97 55 86 73E-postarnhild.naesheim@ullensvang.kommune.no
Helsestasjonavd. UtneBesøksadresse:Utne legekontor, 5778 UtneHelsesjukepleiarArnhild NæsheimTelefon97 55 86 73E-postarnhild.naesheim@ullensvang.kommune.no
  • 7 – 10 dager etter fødsel: Heimebesøk av helsesjukepleiar (inkludert vekt og hodeomkrets)
  • 2 – 4 veker: Konsultasjon med helsesjukepleiar
  • 6 veker: Konsultasjon med helsesjukepleiar og lege, inkludert vaksine
  • 8 veker: Individuell samtale med mor om psykisk helse
  • 3 månader: Konsultasjon hjå helsesjukepleiar, inkludert vaksine
  • 4 månader: Konsultasjon med helsesjukepleiar
  • 5 månader: Konsultasjon med helsesjukepleiar, inkludert vaksine
  • 6 månader: Konsultasjon med helsesjukepleiar og lege
  • 8 månader: Konsultasjon med helsesjukepleiar
  • 10 månader: Konsultasjon med helsesjukepleiar
  • 12 månader: Konsultasjon med helsesjukepleiar og lege, inkludert vaksine
  • 15 månader: Konsultasjon med helsesjukepleiar, inkludert vaksine
  • 18 månader: Konsultasjon med helsesjukepleiar
  • 2 år: Konsultasjon med helsesjukepleiar og lege
  • 4 år: Konsultasjon med helsesjukepleiar

Helsestasjonen sender timeinnkalling via sms eller gjer avtale per telefon.

 

Meir informasjon:

Me får melding frå sjukehusa når de har fått barn. Innan 7-10 dagar etter fødsel vil helsesjukepleiar ta kontakt for avtale om heimebesøk. Høyrer du ikkje noko så ta kontakt med den helsestasjonen du tilhøyrer. Vidare timeavtalar får du på konsultasjonen frå gong til gong. Har barnet eller familien behov for ekstra oppfylging, vert dette avtalt individuelt.

Edinburgh metoden (EPDS): Alle får samtale og oppfølging kring følelsar under svangerskap og barseltid av jordmor og helsesjukepleiar, sjå brosjyren «Når følelsene svinger i svangerskap og barseltid – Edinburgh-metoden».

New born behavior observation (NBO) er ein metode som helsesjukepleiarane bruker i møte med foreldre og spedbarn mellom 0-3 månader. Målet er å gje foreldre auka meistringskjensle og tryggheit på at dei kan lesa og tolka signala til sitt eige barn. Du kan lese meir om dette på: R-Bup sine nettsider.

Ages and Stages Questionnaire(ASQ) er eit kartleggingsverktøy som måler bornet sin utvikling innan områda : kommunikasjon, grovmotorikk, finmotorikk, problemløysing og personleg/sosialt område. Helsesjukepleiarane nyttar spørjeskjema som er tilpassa born frå 4 månadar til 5 år. Resultata av spørjeskjemaene vert nytta til ein strukturert samtale om barnet sin utvikling og vidare drøfta kan tiltaka bidra til å støtta og fremja bornet sin vidare utvikling. Les meir om tema på R-Bup sine nettsider.

Me viser filmen «I trygge hender» til alle nybakte foreldre der fokus er voldsforebygging. Filmen forklarer den lynraske utviklingen av barnet sin hjerne og kva som kan skje med hjernen si utvikling, dersom barnet vert utsett for vold.

ADBB ( Alarm Distress Baby Scale) er ein metode for å vurdere sosial atferd og tegn på tilbaketrekningsatferd hjå barn i alderen 0 til 2 år.

COS P er eit rettleiingsprogram for alle foreldre med barn i alderen 4 månader til 6 år, der målet er å styrka foreldra si mentaliseringskapasitet og fremja trygg tilknytning til barnet.
Foreldre får gjennom rettleiing moglegheita til å reflektere over barn sine behov. Barn utforskar verden, men har behov for å koma tett på for nærleik, trøst og vern.

Ullensvang helsestasjon avd. Odda har tilbod om open helsestasjon ein dag i månaden (på faste dagar) der ein tar for seg ulike tema.

Oppsette dagar med tema heng på venterommet ved helsestasjonen i Odda, samt deler vi dette på facebooksida vår.

Open helsestasjon vert gjennomført av ulike fagpersoner.

Hugs

  • Meld frå i god tid dersom de ikkje kan møte til avtalt time.
  • Spørsmål om sjukdom må rettast til fastlege eller legevakt.
  • Ikkje møt på helsestasjonen dersom foreldre eller barn er sjuke, dette for å unngå smitte til dei nyfødte.

 

Nyttige lenkjer

 

Kontakt oss

Ullensvang helsestasjon

Besøksadr: Smelteverket 61

5750 Odda

97 55 84 36

Ullensvang helsesasjon

Postadr: Opheimsgata 31

5750 Odda

97 55 84 36

Merethe Jordal

Helsesjukepleiar: Fagleiar for sped- og småbarn

merethe.jordal@ullensvang.kommune.no

97 55 86 56

Torbjørg Krogh Larsen

Verksemdsleiar

torbjorg.krogh.larsen@ullensvang.kommune.no

91 14 07 36

Julia Kulla

Psykolog

julia.kulla@ullensvang.kommune.no

48 03 00 62