Oversiktsbilete frå Ullensvang vest over Sørfjorden. Foto: Skarv Studio.

Handlingsplan Bustad

Handlingsplan Bustad År 2021 – 2025 er ein temaplan med eit bustadsosialt fokus. Planen har innsatsområde og tiltak for å samarbeide betre og ha eit meir tverrfagleg fokus på bustadarbeid i Ullensvang kommune. Planen går ikkje i detaljar i planlegging for konkrete prosjekt, f.eks areal, nye bustadfelt, bustader; dette vil verta tatt vare på gjennom andre planar og eigne saker – men Handlingsplan Bustad skal bidra til at slikt arbeid i kommunen vår skal få best mogeleg tverrfagleg fokus.

Handlingsplan Bustad har eit hovuddokument med tre kapittel:

  1. Organisering
  2. Bustadsosialt arbeid
  3. Generell bustadutvikling

Kvart kapittel har ein tiltaksdel med ulike tiltak som skal gjennomførast i planperioden. Tiltaka i planen med ansvarsområde for gjennomføring skal knytast til budsjett og økonomiplan, og det skal vera årleg oppdatering og rapportering. Anna utfyllande informasjon og kunnskapsgrunnlag ligg som vedlegg til planen og kan ved behov justerast og oppdaterast i det tidsrommet Handlingsplan Bustad gjeld for.

 

#bustadplan #bustadsosial plan