Fysioterapi
Fysioterapeutene gjev kurative og førebyggjande tenester til barn/unge, vaksne og eldre med funksjonsvanskar grunna sjukdom, skade, smerter eller anna. Tiltaka har som mål å fremja deltaking, meistring og sjølvstende i eigen kvardag.
I den kommunale fysioterapitenesta finn ein både fysioterapeutar som er tilsett i kommunen og fysioterapeutar med driftsavtale.
Tenester
- Undersøking, vurdering og kartlegging
- Behandling og oppfølging individuelt og/eller i gruppe
- Habilitering og rehabilitering, i og utanfor institusjon
- Rettleiing, informasjon og undervisning til pasient, pårørande eller andre fagpersonar
- Formidling og tilpassing av hjelpemiddel
- Gruppetrening
- Palliativ behandling
- Anna førebyggjande og helsefremjande arbeid
Fysioterapeuter i kommunen
Lokalisert | Namn på fysioterapeut | Telefon | Adresse |
---|---|---|---|
LokalisertFysioterapitenesta | Namn på fysioterapeutHovudnummer | Telefon53 65 45 30 | AdresseOpheimsgata 31, 5750 Odda |
LokalisertVerksemdsleiar (konstituert) | Namn på fysioterapeutRandi Rønhovde Opheim | Telefon98 80 51 41 | Adresse |
LokalisertHelsehuset i Odda | Namn på fysioterapeutAnne Gro Kambe | Telefon97 55 85 75 | AdresseRøldalsvegen 41, 5750 Odda |
LokalisertHelsehuset i Odda | Namn på fysioterapeutHåvard Flaten | Telefon41 02 43 91 | AdresseRøldalsvegen 41, 5750 Odda |
LokalisertHelsehuset i Odda | Namn på fysioterapeutSanssel Sæterdal | Telefon41 85 67 00 | AdresseRøldalsvegen 41, 5750 Odda |
LokalisertHelsehuset i Odda | Namn på fysioterapeutKamilla Lauritzen | Telefon90 03 29 18 | AdresseRøldalsvegen 41, 5750 Odda |
LokalisertHelsehuset i Odda | Namn på fysioterapeutRandi Rønhovde Opheim | Telefon98 80 51 41 | AdresseRøldalsvegen 41, 5750 Odda |
LokalisertHelsehuset i Odda | Namn på fysioterapeutHannah Kristofa Clausen Nødset | Telefon46 84 59 17 | AdresseRøldalsvegen 41, 5750 Odda |
LokalisertHelsehuset i Odda | Namn på fysioterapeutMariann Wesenlund Hauge | Telefon99 29 17 10 | AdresseRøldalsvegen 41, 5750 Odda |
LokalisertHelsehuset i Odda | Namn på fysioterapeutKaroline Vethe Karlsen | Telefon90 06 49 23 | AdresseRøldalsvegen 41, 5750 Odda |
LokalisertVikevollen | Namn på fysioterapeutKaroline Vethe Karlsen | Telefon90 06 49 23 | AdresseNordbøen 2, 5627 Jondal |
LokalisertVikevollen | Namn på fysioterapeutHilde Brurok | Telefon47 75 20 16 | AdresseNordbøen 2, 5627 Jondal |
LokalisertUtne helsesenter | Namn på fysioterapeutKristofer Dyga | Telefon91 38 14 02 | Adresse5778 Utne |
LokalisertUtne helsesenter | Namn på fysioterapeutMartha Eitrheim | Telefon46 80 22 16 | Adresse5778 Utne |
LokalisertBråvolltunet | Namn på fysioterapeutAnne Cathrin E. Eidnes | Telefon95 79 52 22 | AdresseBråvoll 1, 5780 Kinsarvik |
LokalisertTunvoll fysikalske institutt | Namn på fysioterapeutArne Lutro | Telefon40 21 85 50 | Adresse5787 Lofthus |
LokalisertTunvoll fysikalske institutt | Namn på fysioterapeutMatias Oppedal | Telefon99 41 17 27 | Adresse5787 Lofthus |
Tilvising / kontakt
Ein treng ikkje tilvising frå lege for å få behandling hos fysioterapeut. Du sjølv, pårørande eller andre fagpersonar kan ta direkte kontakt med ergo- og fysioterapitenesta enten pr. telefon, ved å møta direkte på besøksstad eller ved å sende inn utfylt skjema.
Kontaktskjema/tilvising vert registrert på venteliste etter prioritet.
Pris for tenesta
Ergo- og fysioterapitenesta i Ullensvang kommune nyttar sentralt regulerte takstar for fysioterapibehandling. Desse gjeld for fysioterapeutar som har driftsavtale med kommunen og for kommunalt tilsette fysioterapeutar.
Dei fleste må betale ein eigendel når dei har time hos fysioterapeut, med unntak av nokre grupper:
- barn under 16 år
- personar med godkjent yrkesskade
- personar med frikort for helsetenester
Ein får delvis stønad til dekking av utgifter til undersøking og behandling hos fysioterapeut. Fysioterapeuten rapporterer til HELFO og du vil automatisk få frikort ved oppnådd eigendelstak.