Mange barn som holder hender oppå kvarandre

Fritidskontakt (støttekontakt)

Støttekontakt er heimla i Helse og omsorgstenestelova § 3-2 punkt 6, bokstav b.

*Tenestebeskrivinga skal opp til politisk handsaming, tar atterhald om endringar.

Kven kan få fritidskontakt/støttekontakt

Fritidskontakt kan innvilgast til personar som har behov for støtte til ei meningsfull fritid. Dette kan vere fordi dei har vanskelig for å komme seg ut på eiga hand, og/ eller treng hjelp og støtte for å meistre ulike aktivitetar.

Nokon har lite sosialt nettverk og kan vera einsame.

 

Døme på grupper som kan ha god nytte av denne tenesta:

  • Personar med utviklingshemming
  • Barn, unge og vaksne med psykiske problem
  • Personar med nedsett funksjonsevne
  • Innvandrarar som er ukjende med det norske samfunn
  • Familiar med samansette problem
  • Rusmisbrukarar

 

Praktiske opplysningar

Det er brukaren sine ynskje som skal vere rettleiande for aktivitet saman med fritidskontakt. Hovudoppgåva er å hjelpe den einskilde til ei meningsfull fritid.

Fritidskontakt kan og vere treningskontakt for å gi hjelp til meistring av fysisk aktivitet.

  • Tal timar som vert tildelt vert sett i samanheng med kva tilbod ein har utenom, eks bufellesskap eller institusjonsplass.
  • Tenesta kan ytast individuelt eller i grupper.
  • Det kan vere aktuelt å krevje at tenestemottakar søkjer om ordning med ledsagerbevis.
  • Tenesta skal ytast slik det går fram av vedtak og oppdragsavtale.  Brukar må sette seg inn i innhaldet i vedtaket.

Brukar gjev melding til fritidskontakten når han ikkje kan møte til avtaler.

 

Pris

Det er ingen eigenbetaling for tilbod om fritidskontakt.