Fritidskontakt (støttekontakt)
Støttekontakt er heimla i Helse og omsorgstenestelova § 3-2 punkt 6, bokstav b.
*Tenestebeskrivinga skal opp til politisk handsaming, tar atterhald om endringar.
Kven kan få fritidskontakt/støttekontakt
Fritidskontakt kan innvilgast til personar som har behov for støtte til ei meningsfull fritid. Dette kan vere fordi dei har vanskelig for å komme seg ut på eiga hand, og/ eller treng hjelp og støtte for å meistre ulike aktivitetar.
Nokon har lite sosialt nettverk og kan vera einsame.
Døme på grupper som kan ha god nytte av denne tenesta:
- Personar med utviklingshemming
- Barn, unge og vaksne med psykiske problem
- Personar med nedsett funksjonsevne
- Innvandrarar som er ukjende med det norske samfunn
- Familiar med samansette problem
- Rusmisbrukarar
Praktiske opplysningar
Det er brukaren sine ynskje som skal vere rettleiande for aktivitet saman med fritidskontakt. Hovudoppgåva er å hjelpe den einskilde til ei meningsfull fritid.
Fritidskontakt kan og vere treningskontakt for å gi hjelp til meistring av fysisk aktivitet.
- Tal timar som vert tildelt vert sett i samanheng med kva tilbod ein har utenom, eks bufellesskap eller institusjonsplass.
- Tenesta kan ytast individuelt eller i grupper.
- Det kan vere aktuelt å krevje at tenestemottakar søkjer om ordning med ledsagerbevis.
- Tenesta skal ytast slik det går fram av vedtak og oppdragsavtale. Brukar må sette seg inn i innhaldet i vedtaket.
Brukar gjev melding til fritidskontakten når han ikkje kan møte til avtaler.
Pris
Det er ingen eigenbetaling for tilbod om fritidskontakt.