Raudt monopol hus oppå ark med aksjekurs

Fritak frå eigedomsskatt

Fritak etter eigedomsskattelova § 5

Nokre eigedomar skal ha fritak for eigedomsskatt i samsvar med eigedomsskattelova (esktl.) § 5. Døme: kommunale- og statlege eigedomar, kyrkjer, helseforetak, eigedom som vert driven som gardsbruk eller skogbruk

Spesielt om landbrukseigedomar § 5 h): Gardsbruk er i utgangspunktet fritekne, men bygningar som ikkje berre kan knytast direkte til landbruksverksemda kan vere grunnlag for eigedomsskatt næring.

 

Informasjon om fritak frå eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 7

I samsvar med eigedomsskattelova § 7 kan kommunestyret vedta å gje eigedomar heilt eller delvis fritak frå eigedomsskatt. Det er eit årleg vedtak som vert gjort i høve budsjetthandsaminga for komande år. Ved avslag på søknad hos kommunestyret er klagenemnd for eigedomsskatt klageinstans.

Ved ev. innvilga fritak er søkjar forplikta til å skriftleg opplysa eigedomsskattekontoret dersom drifta opphøyrer, eigedomen vert seld, utleigd, tatt i bruk til anna formål, eller at det er tvil om vilkår for fritak for eigedomsskatt ikkje er oppfylt.

 

Søknadfrist for fritak etter eigedomsskattelova § 7:
Frist er 1. september året før skatteåret (ev. innvilga fritak vil gjelde for skatteåret etter).

 

Fritak etter eigedomsskattelova § 7 bokstav a:
Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten t.d grannahus, museum, idrettsbygningar. Stiftinga/institusjonen skal ikkje ha eit forretningsmessig føremål, men vera til fordel for det offentlege og ålmenta. I søknad må det opplysast om:

  • er organisasjonen basert på “non-profit”?
  • er organisasjonen/stiftinga er registrert som ideell i Brønnøysundregisteret?
  • dekker organisasjonen sine tenester eit behov hos mange av kommunen sine innbyggarar? Gagner organisasjonen/stiftinga kommunen gjennom arbeidet som vert utført?
  • kva er formålet til organisasjonen/stiftinga?

 

Vilkår for å fritak etter eigedomsskattelova § 7 bokstav b:
Bygning som har historisk verde.

  • Freda bygning etter riksantikvaren sin kulturminnedatabase (Askeladden). På Kartverket sine nettsider kan ein sjå om ein bygning er freda.
  • Enkeltsøknadar utover freda bygg, må behandlast enkeltvis etter søknad, og det må leggjast ved dokumentasjon/tilråding. Gjeld bygningar som etter faginstans (Vestland Fylkeskommune v/ Fylkeskonservator/ Riksantikvar) si vurdering ligg tett opp til fredningsstatus, og har særleg høgt vernebehov. Kommunestyret er i utgangspunktet ikkje bunden av andre instansar si vurdering.

 

Etter eigedomsskattelova § 28 kan det søkjast formannskapet om nedsetting eller ettergjeving av eigedomsskatt. Det må vera særlege grunnar som gjer det særs urimeleg at eigedomsskatten vert innkrevd. Ettergjeving av eigedomsskatt for næringsdrivande vil normalt ikkje vere aktuelt på grunn av forbodet mot offentleg støtte.