Hårklipp

Frisør, hudpleie, tatovering og holtaking

Alle lokale for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og holtakingsverksemd m.m. skal melde til kommunen før oppstart. For verksemd kor det vert utført perforering/holtaking i hud er det krav om godkjenning av lokala.

Det er meldeplikt for alle lokale som vert nytta til frisør- eller hudpleieverksemd. Du må melde frå til kommunen ved Miljøretta helsevern ved oppstart og ved vesentlege endringar. Det er viktig å merka seg at definisjonen av hudpleie er såpass vid at den og omfattar solarie, fjerning av hår, massasje m.m.

Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie, tatoverings og hulltakingsvirksomhet regulerer desse verksemdene og stiller mellom anna krav om at tatoverings- og holtakingsverksemd berre skal føregå i godkjende lokale.

Dette gjeld all kosmetisk behandling som penetrerer huda, for eksempel tatoveringsstudio, frisørsalongar som tar hol i øyrene, og makeup-salongar som utførar permanent makeup, microblading eller microneedling. Krav om godkjenning omfatter lokalene, innreiing, og krav til hygienisk tilfredstillande metoder. Kravet om godkjenning gjeld ikkje kvaliteten på dei tenestene som vert tilbydd.

Den som eig eller driv slik verksemd er ansvarleg for at verksemda vert driven på ein hygienisk tilfredsstillande måte for å hindre overføring av smittsame sjukdommar. Krava i forskrifta må overhaldast.

Verksemder som skal starta opp må gje melding til komunen ved Miljøretta helsevern før oppstart.

Kontakt oss