Paragraf symbol lent mot grå vegg

Forskrift om vass- og avlaupsgebyr

FORSKRIFT OM VASS- OG AVLAUPSGEBYR, ULLENSVANG KOMMUNE, VESTLAND

Vedteke i Ullensvang kommunestyre den 18.12.2019 med heimel i § 5 i Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg av 16.mars 2012, og Forskrift om begrensing av forurensinger av 1. juni 2004 § 16.1 andre ledd.

Denne forskrifta gjeld alle abonnentar i kommunen, sjå definisjon av abonnent i § 2, og den fastset utrekningsmåte og innbetaling av gebyr for dei kommunale vass- og avlaupstenestene.

2.1 Abonnent

Eigar/festar av eiga sjølvstendig bueining, fritidseining eller næringseining («Anna enn bustad») som er tilknytt kommunal vass- og/eller avløpsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.
Festar av eigedom der festeavtalen ikkje er tinglyst, men der festaren eig dei bygningane som er plasserte på tomta, og brukar festeretten slik det går fram av lov om tomtefeste
Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av Plan og Bygningslova har kravd tilknytt vass og/eller avlaupsleidning.

 

2.2 Eining

Med eining i denne forskrifta er meint bueining, fritidseining eller næringseining.
Bueining er husvære med separat inngang, eitt eller fleire opphaldsrom og i tillegg eige bad/WC. Både fritidsbustader og fastbuande er omfatta av omgrepet bueining.
Næringseining (anna enn bustad) er sjølvstendige lokale nytta til næringsverksemd eller offentleg verksemd.

 

2.3 Kombinasjonsbygg:

Bygg med både bueiningar (bustader) og næringseiningar (næringsverksemd) eventuelt også fritidseiningar.

 

2.4 Kommunal vass- og avlaupsleidning

Leidningar som er kommunal eigedom ved at dei er kosta eller overteke av kommunen

 

2.5 Stikkleidning

Vass- eller avlaupsleidning for ein eller fleire eigedommar som er abonnenten sin eigedom, og som blir halde ved like av denne. Dersom ikkje anna er avtalt, er stikkleidningen rekna til og med anboring for vatn og grein for avløp. Ved tilkopling i kum er grensesnittet mellom kommunal og privat leidning ved tilkopling i manfoil/flens.

 

2.6 Gebyrregulativet

Dette er den gjeldande prisoversikten for vass- og avlaupsgebyr i kommunen. Satsane blir kvart år oppdaterte gjennom vedtak i kommunestyret.

 

2.7 Abonnementsgebyr – fastledd

Abonnementsgebyr utgjer den faste delen av årsgebyret.

 

2.8 Forbruksgebyr – variabelt ledd

Forbruksgebyret omfattar den variable delen av årsgebyret avhengig av vassforbruk i m3 (stipulert ut frå areal eller målt.)

Følgjande gebyrtypar gjeld for både vatn og avlaup:

  • Tilknytingsgebyr
  • Årsgebyr
  • Sakshandsamingsgebyr for mellombels tilknytning

Tilknytingsgebyret skal betalast pr eining:

  • Når nye bygg blir søkt tilknytt til kommunalt leidningsnett.
  • Når eigedom med hus på, blir tilknytt kommunalt VA- leidningsnett

Storleiken på gebyret går fram av gebyrregulativet som kvart år blir fastsett av kommunestyret.

Fast og variabel del av årsgebyret

Årsgebyret for både vass- og avlaupstenester skal betalast pr eining slik dette er definert i § 2.

Gebyret er samansett av to delar:

  • abonnementsgebyr (fastledd)
  • forbruksgebyr (variabelt ledd)

Fordelinga mellom abonnementsgebyr og forbruksgebyr i % av sjølvkostgrunnlaget på VA – sektoren til kommunen, blir kvart år fastsett i det kommunale gebyrregulativet.

 

Abonnementsgebyr – fast ledd

Abonnementsgebyr for bueiningar og næringseiningar gjeld for bustad/fritids- og næringseiningar, og skal betalast pr. eining, jf. definisjonen av eining i § 2.

 

Forbruksgebyr – variabelt ledd

Bueiningar betaler anten etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m3, eller stipulert forbruk basert på utrekna bruksareal i samsvar med NS 3940 og pris pr. m3.

Omrekningsfaktor/reglar for utrekning av stipulert forbruk blir fastsett i gebyrregulativet.

Næringseiningar (næringseigedommar og offentlege verksemder) betaler forbruksgebyr etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m3. Forbruket blir målt med installert vassmålar.

For alle abonnentar gjeld at avløpsmengda blir rekna lik vassmengda, sjå likevel § 6.

Både abonnent og kommune kan krevje at forbruksgebyret blir rekna ut frå målt forbruk.

Dersom avlaupsmengda ein abonnent har er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avlaup bli rekna ut på grunnlag av stipulert avlaupsmengde, ev. kan avlaupsmengda målast særskilt.

Dersom avlaupsvatnet skil seg vesentleg frå vanleg hushaldsavlaup, kan det reknast tillegg eller frådrag i årsgebyret (forbruksgebyret).

Dersom ein eigedom i lengre tid blir plombert/fråkopla det kommunale vass- og/ eller avlaupsnettet, kan abonnenten etter søknad fritakast frå forbruksgebyret (variabelt ledd) i denne perioden. Abonnenten må sjølv dekkje kostnadene med fråkopling/plombering frå hovudleidning. Eventuelt fritak gjeld frå første månad etter at søknaden er godkjent og ansvarleg røyrleggjar har sendt kommunen dokumentasjon på at leidning er kopla frå/plombert. Fritak kan gjevast for inntil eitt år, og gjeld ikkje tilbake i tid. For å få samanhengande fritak, må ny søknad sendast kommunen før tidlegare fritak går ut.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avløpsvatn gjev ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.

Den enkelte abonnent må sjølv koste innkjøp og installasjon av vassmålaren. Kommunen kan fastsetje type og storleik på målar. Både kommunen og abonnenten kan krevje at årsgebyret blir rekna etter vassmålar.

Avlesing av vassmålarar vert utført av abonnent ved årsskiftet. Vert ikkje målar avlest innan fastsett frist, kan kommunen foreta berekning av forbruket ut frå areal eller forbruk tidlegare år.

Mellombels tilknyting gjeld for bygg/ anlegg som har innlagt vatn og eller utslepp av avlaupsvatn til kommunalt nett, men der bygget/ anlegget berre skal nyttast i ein avgrensa periode.

Det er søkar som er ansvarleg for å betale gebyret. Gebyret blir fastsett etter dei reglane som gjeld årsgebyr næringsverksemd.

Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år, med høve til å søkje om lenger tid.

Kostnader med den fysiske tilknytinga og fråkoplinga må søkar betale. Det skal ikkje betalast tilknytingsgebyr i samband med mellombels tilknyting. Kommunen krev sakshandsamingsgebyr.

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Tilknytingsgebyr blir fakturert når søknad om sanitærabonnement er godkjent. Dersom ikkje byggeløyve er gitt ved tidspunkt for innbetaling av tilknytingsgebyr, vil fristen for innbetaling kunne utsetjast etter skriftleg søknad.

For eksisterande bygg skal årsgebyret reknast frå og med månaden etter at søknad om sanitærabonnement er godkjent. Er ikkje bygget tilknytt det kommunale leidningsnettet innan dette tidspunktet, kan eigar søkje om utsetjing til bygget er fysisk tilknytt. For bygg som ikkje er bygd, skal årsgebyret reknast frå 12 månader etter at søknad om sanitærabonnement er godkjent. Er ikkje bygget tilknytt det kommunale leidningsnettet innan dette tidspunkt, kan eigar søkje om utsetjing til bygget er fysisk tilknytt.

Årsgebyr blir kravd inn saman med andre kommunale gebyr. Ved bruk av vassmålar blir forbruksgebyret å betale à konto (forskudd) basert på tidlegare forbruk. Målaravlesing skjer ein gong i året.

Sakshandsamingsgebyr for mellombels tilknyting blir fakturert særskilt.

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre à kontobeløpet.

Krav på årsgebyr er sikra med lovpant i eigedomen etter pantelova § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

Vedtak etter denne forskrifta blir gjort av rådmannen.

Avgjerd etter denne forskrifta som er einskildvedtak, følgjer bestemmelsane i kap. IV-VI i forvaltningslova. Slike vedtak kan påklagast. Klagen skal sendast til rådmannen, og fristen til å klage er 3 veker. Klage på gebyr utset ikkje betalingsfrist.

Storleik på gebyra (gebyrregulativet) blir fastsett av kommunestyret. Dette er ei forskrift som ikkje kan påklagast, jf. kap. VII i Forvaltningslova.

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2020

Kommentarar til dei einskilde paragrafane i forskrit om vass- og avlaupsgebyr

2.1 Til definisjon av abonnent.

Heimel til tilknyting av privat vass og/eller avløpsanlegg til kommunalt VA nett følgjer direkte den til ei kvar tid gjeldande Plan og Bygningslov.

 

2.2 Til definisjon av eining

Sjølvstendig bueining er ein bustad/hytte med eitt eller fleire rom og separat utgang. Døme på sjølvstendige bueiningar er i blokkar og rekkehus enten desse er seksjonerte, organisert som burettslag eller etter antal brukseiningar. Vidare er eigne bustader i kombinasjonsbygg rekna som sjølvstendige bueiningar. Også utleige hytter dersom dei har innlagt vatn/toalett blir rekna som sjølvstendige bueiningar.

Seksjonerte bustader der kvar bustad har eige seksjonnr blir derimot rekna som sjølvstendige bueiningar.

Næringseining skal i utgangspunktet reknast pr bygg. Dersom bygget er oppdelt i fleire eigedommar, t.d. gjennom seksjonering, utgjer kvar eigedom (seksjon) ei næringseining

 

2.3 Kombinasjonsbygg
2.4 Kommunal vass- og avlaupsleidning
2.5 Stikkleidning
2.6 Gebyrregulativet
2.7 Abonnementsgebyr
2.8 Forbruksgebyr

Kommunen har innført tre gebyrtypar på vass- og avlaupssektoren. I følgje ” Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg” skal det både vere eingongsgebyr og eit årleg gebyr. Årsgebyret har ein fast del (abonnementsgebyr) og ein variabel del (forbruksgebyr) slik ”Forskrift om begrensing av forurensinger” krev.

Det er og innført eit sakshandsamingsgebyr for mellombels tilknyting.

Det vil vere tilhøve som gjev grunnlag for tillegg eller fråtrekk i årsgebyret jf § 6.

Nærare omtale er gitt under dei enkelte paragrafane.

Gebyret for tilknyting skal ikkje referere seg til nokon bestemt del av kostnadane som kommunen har på sektoren, men intensjonane med gebyret er at det skal dekkje ein forholdsmessig del av kommunen sine samla kostnader med vassforsyning og avlaup.

Denne forskrifta fastsett at abonnentar med bustad/fritidshus og andre typar abonnentar skal betale eitt tilknytingsgebyr pr bueining eller næringseining uavhengig av storleiken.

Storleiken på tilknytingsgebyret er differensiert i fleire ulike soner i kommunen. Det er m.a. høgre gebyr i hytteområda på høgfjellet grunna høge utbyggingskostnader. Storleik på gebyra og inndeling av desse blir fastsett i fastsett i gebyrreglementet.

Garasjar som ikkje er ein bueining, skal ikkje betalast tilknytningsgebyr for.

 

Eksempel 1

Kombinasjonshus med 3 utleigeeiningar (bueiningar) og 1 næringseining blir tilknytt kommunalt nett. Bygget er ikkje seksjonert og har same eigar for alle einingane.

Det avgjerande her er kor mange einingar det er. I dette tilfellet vil det vere 4. Det må difor betalast 4 tilknytingsgebyr i dette tilfellet.

 

Eksempel 2

Ein einebustad med 1 bueining tilknytt kommunalt VA leidningsnett blir ombygd til å innehalde 4 utleige bueiningar. I dette tilfellet aukar tal bueiningar frå 1 til 4. Arealet blir ikkje auka. Det skal ikkje krevjast inn tilknytingsgebyr.

 

Eksempel 3

Eit hus med sokkelleilegheit med areal til saman på 200 m2 brenn ned. Tilsvarande stort bygg blir sett opp på same staden. Det skal då ikkje reknast nytt tilknytingsgebyr.

 

Eksempel 4

Ein landbrukseigedom blir tilknytt kommunalt VA- nett. På denne eigedommen ligg det 2 bueiningar (hovudhus og kårhus) samt ei næringseining (driftsbygning). Det skal betalast 3 tilknytingsgebyr for denne eigedommen.

 

Eksempel 5

Nybygd hytte med 3 ulike bueiningar blir tilknytt kommunalt leidningsnett. I dette tilfellet skal det betalast 3 tilknytingsgebyr.

 

Eksempel 6

Ein eigedom har tilknytt 1 hytte, neste år blir nye 5 hytter knytt til. Alle hyttene er utleige hytter med innlagt vatn /toalett. Desse blir å vurdere som bueiningar som det skal betalast tilknytingsgebyr for. I dette tilfellet 5 nye gebyr.

 

Eksempel 7

Landbrukseigedom med 1 våningshus, 2 fritidshus og 5 utleigehytter blir knytt til kommunalt nett. Alle utleigehyttene og fritidshusa er av høg standard med innlagt vatn/toalettdel. Det skal betalast 8 tilknytningsgebyr

Til § 5 Årsgebyr

Fordeling mellom abonnementsledd og forbruksleddet blir fastsett av kommunestyret kvart år i samband med vedtak av gebyrregulativet.

Abonnementsgebyr er uavhengig av brukarkategori og dermed likt for alle abonnentar.

Forbruksgebyret kan målast eller stipulerast for bueiningar og fritidseiningar (bustad og fritidshus), og skal målast for næringseiningar (næringsbygg, offentlege bygg og kombinasjonsbygg). For burettslag gjeld reglane for bustadhus.

Dersom det ikkje er praktisk mogleg å få montert ein vassmålar på ein frostsikker stad, blir forbruket fastsett av kommunen etter ei konkret vurdering av kva som er venta forbruk for eigedommen.

Både abonnent og kommune kan krevje betaling etter målt forbruk. For kommunen kan det vere særleg aktuelt å krevje vassmålar montert der abonnenten har installert svømmebasseng/badestamp e.l.

Avlaupsgebyret skal reknast ut frå at avlaupsmengda blir sett lik målt eller stipulert vassforbruk. Eventuelt unntak frå denne regelen går fram av § 7 i Forskrifta.

For kombinasjonsbygg kan forbruksgebyret i særlege høve, der det er fysisk vanskeleg å installere vassmålar, og etter skriftleg søknad, bli rekna etter areal.

For garsjar skal det berre betalast for variabelt ledd.

 

Eksempel 1

Kombinasjonsbygg med 8 butikkar i 1. etasje og 8 bueiningar i 2. etasje. Av bueiningane i 2. etasje er 3 seksjonerte ut med eige seksjonsnr medan 5 er utleige bustader.

Det skal betalast i alt 9 abonnementsgebyr dvs. 8 for bustadene (bueiningane) og 1 for næringsdelen.

Vassbruket skal målast for næringsdelen. For bueiningane kan forbruket målast eller stipulerast.

I særlege høve og der det blir kostbart/vanskeleg å få til ei fornuftig måling av vassforbruket kan dette stipulerast for heile bygget under eitt. Det skal då sendast skriftleg søknad til kommunen.

 

Eksempel 2

Gardsbruk med 2 våningshus på eigedommen. I gardsdrifta inngår driftsbygning, lagerbygning og 5 utleige hytter. Alle hyttene har høg standard med innlagt vatn/toalettdel.

Det skal betalast 1 for næringsdelen, 2 for dei 2 bueiningane og 5 for utleigehyttene, til saman 8 abonnementsgebyr – fast ledd.

 

Eksempel 3

Einebustad med eige sokkelhusvære med eige kjøkken og separat inngang på 45 m2 til utleige. Sokkelhusvære i einebustad blir rekna som eige bueining. Det skal difor berre betalast to abonnementsgebyr – fast ledd. Forbruksledd skal betalast ut frå samla forbruk til heile einebustaden anten målt eller stipulert.

 

Eksempel 4

Einebustad med 4 hyblar i sokkel. Kvar av hyblane har eit areal på 15 m2. I tillegg kjem felles kjøkken og toalett. Hyblane har eigen inngang. Hyblane blir ikkje rekna som eigne bueiningar. Forbruksledd skal betalast ut frå samla forbruk til heile einebustaden enten stipulert ut frå areal eller målt. Antal abonnementsgebyr – fast ledd blir i slike bygg fastsett etter antal brukseiningar i matrikkelen.

Avvik mellom vassforbruk og avløpsmengde vil m.a. kunne gjelde næringsverksemder der vatn inngår i produkta, t.d bakeri, eller der vatn blir brukt til kjøling utan at det etterpå går inn på kommunalt avløpsnett. Det vil og m.a. kunne gjelde bustad- og fritidseigedommar som har toalettsystem som ikkje brukar vatn og for landbrukseigedommar.

Avvik med omsyn til innhald i avløpsvatnet vil kunne gjelde verksemder der konsentrasjonen av organisk materiale, næringssalt, feitt og liknande i avløpsvatnet er langt høgare enn i vanleg hushaldsavløp.

Det er og aktuelt i område der abonnentane har eigen slamavskiljar og der det er ingen kommunal reinsing av avløpsvatnet.

For verksemder der avløpsvatnet utgjer ein vesentleg del av den samla avløpsmengda som blir tilført det kommunale anlegget, bør det normalt inngåast særskild avtale om storleiken på gebyret.
Føresetnaden for tillegg eller reduksjon i gebyret er at kommunen får auka eller reduserte kostnader med drift av sine avløpsanlegg. Storleiken på tillegg/frådrag blir fastsett etter avtale mellom abonnent og kommune ev. av kommunen dersom slik avtale ikkje kjem i stand.

Alle fråtrekk eller tillegg i årsgebyret som er nemnt ovanfor gjeld berre forbruksgebyret.

Dersom ein eigedom ikkje er i bruk over lenger tid, vil det etter søknad kunne gjevast fullt fritak for forbruksgebyret. Evt. fritak gjeld frå første månad etter at søknaden er godkjent, og abonnenten har gitt kommunen melding om at leidningane er kopla frå/plombert.
Det kan ikkje krevjast nytt tilknytingsgebyr i samsvar med § 5 når tilkopling skjer.

Restriksjonar for bruk av vatn, for eksempel forbod mot eller redusert hagevatning, periodevis utkopling når det er lite vatn eller liknande, gjev ikkje grunnlag for fritak eller redusert gebyr. Det same gjeld ved kortare avbrot i samband med lekkasjar, utbetring av leidningsnett, byggeprosjekt og liknande.

Eige skjema for innmelding av vassmålar skal fyllast ut.

Det må søkast om eige sanitærabonnement for mellombels tilknyting med vassmålar.

Ved manglande innbetaling av årsgebyr, kan kommunen ta pant i eigedommen. Kravet på årsgebyr har, på linje med skatt, førerett framfor andre krav (heftelsar) på eigedommen.

Ved eigarskifte vert ubetalte faktura overført til ny eigar. Faktura vert ikkje delt opp mellom kjøpar og seljar. Dersom eigarskifte er midt i ein termin, må kjøpar og seljar ordna opp seg i mellom.

Tinglyst eigar er juridisk ansvarleg for kommunale eigedomsgebyr på eigedomen, og skal som hovudregel vere rekningsmottakar. Endring av rekningsmottakar vert berre unntaksvis imøtegått etter skriftleg søknad.

Abonnent er ansvarleg for at kommunen til ei kvar tid har rette opplysningar om eigedom/abonnement. Dersom abonnenten gjev feil opplysningar, eller ikkje oppfyller opplysningsplikta, kan Ullensvang kommune føreta ei avrekning tre år tilbake i tid jf. foreldelseslova § 2. Det same gjeld dersom kommunen har feil gebyrgrunnlag på eigedomen. Dersom fritak vert innvilga på grunnlag av ukorrekte eller manglande opplysningar frå abonnent, kan kommunen etterfakturere frå fritaksdato. Dersom vilkåra for fritak ikkje lenger er oppfylte, pliktar abonnent/eigar å gje kommunen skriftleg melding.

Kommunale eigedomsgebyr blir regulert etter opplysningar om bygg i matrikkelen. Matrikkelen er det offisielle eigedomsregisteret med oversikt over eigedomar, tinglyste eigarar, bygningstatus/type, bruksareal etc. Kommunen er pliktig til å føra opplysningar om bygningar i matrikkelen jf. matrikkellova. Eigarar av bustader som blir nytta som fritidshus,  kan be om å omkoding av bygningsstatus i matrikkelen, utan å søkja om bruksendring i plan- og bygningslova. Dersom bygningsstatus blir endra til «bustad nytta som fritidshus», får bygget kommunale eigedomsgebyr regulert som fritidshus. Ved endring av tal bueiningar, blir kommunale eigedomsgebyr regulert frå neste termin.

Denne forskrifta er gjort gjeldande frå det tidspunktet kommunestyret har fastsett. Forskrifta skal publiserast på Norsk Lovtidende.