Forskrift om tøming av slamavskiljarar og tette tankar
Forskrift om tøming av slamavskiljarar og tette tankar, Ullensvang kommune, Vestland.
Fastsett av Ullensvang kommunestyre dato: 18.12.2019, uk sak 20/7932 sak endra ved forskrift 22.06.2022 av Utval for samfunn, plan og næring, uk sak 22/401.
Med heimel i lov 13 mars1981 nr. 6 om vern mot forurensning (forurensningsloven) § § 26 jf. § 30 og § 34, § 37, 79 og § 83.
§ 1 Virkeområde
Forskrifta gjeld tøming av slamavskiljarar og tette tankar for oppsamling av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, fritidshus, næringsverksemd og liknande verksemder i Ullensvang kommune.
§ 2 Føremål
Forskrifta har som føremål å sikre miljømessig, økonomisk og helsemessig forsvarleg tøming av alle private slamavskiljarar, fellesanlegg og tette anlegg i kommunen. Forskrifta har vidare som siktemål ei likebehandling av alle abonnentar i kommunen.
§ 3 Definisjonar
Abonnent: Eigar eller festar av eigedom med tett tank eller slamanlegg, eller brukar av private fellesanlegg som er omfatta av slamordninga
Slam: Ved tøming av slamanlegg blir innhaldet sugd opp og separert. Det faste stoffet blir kalla slam, medan det flytande delen blir kalla rejektvatn
Slamanlegg: private oppsamlingsanlegg- eller behandlingsanlegg og fellesanlegg for sanitæravløpsvatn som produserer slam. Til dømes slamavskiljar, tett tank minireinseanlegg, fellestankar etc eller ein kombinasjon av dette. Kommunale fellestankar og reinseanlegg som produserer silslam/avløpsslam er ikkje omfatta av denne forskifta.
§ 4 Tøming av slamanlegg
Utførande entreprenør skal sørge for tøming av slamanlegg som er omfatta av denne forskrifta. Tøminga blir utført etter dei til ei kvar tid gjeldande reglar.
§ 5 Abonnenten sine plikter
Abonnenten skal syta for at anlegget som skal tømast er lett tilgjengeleg for tøming med bil. Slamavskiljar og tett tank skal plasserast slik at den kan tømast med tankbil heile året. Avstanden frå køyrbar veg til slamavskiljarar og tette tankar skal maksimalt vere 80 m. Høgdemeter 8 meter frå botn av tank. Snø, is, jord m.v. over kumlokk skal fjernast av abonnenten før tøming. Lokk skal vere køyresikre dersom dei kan vere utsett for overkøyring. Ved vanskeleg tilkomst som gjer at tømefirma må ha ekstra mannskap/ utstyr for å få utført tøming, eller dersom det er avfall i tanken (våtservietter, o.a.) får abonnenten eit ekstragebyr på grunn av meirarbeid.
Den som tømer anlegget har rett til å plassere nødvendig utstyr på eigedomen for å få utført tøminga.
Dersom tanken ikkje er klargjort, og tømefirmaet har vore på staden, blir det rekna som utført arbeid og abonnenten må betale slamgebyret. Sjølv om abonnenten nektar tøming, ikkje har klargjort tank, ikkje satt ned tank etter pålegg eller at det av annan årsak ikkje kan utførast tøming, skal gebyr likevel betalast.
§ 6 Tøming av slamavskiljar m.v.
Varsel om når tøming vil skje vert gjeve på hensiktsmessig måte.
Slam frå slamavskiljar frå bustader og næring blir som hovudregel tømt kvart andre år, fritidshus kvart fjerde år. Slam frå tett tank skal ha tvungen tøming kvart år.
I spesielle tilfelle kan kommunen bestemma ein annan tømefrekvens.
Tøminga skal utførast slik at bebuarar ikkje unødig blir sjenert av støy og lukt. Anlegget skal forlatast i lukka stand, og grinder, portar og dører skal lukkast, eventuelt låsast.
§ 7 Pliktar og rettar til kommunen
Kommunen kan gje pålegg om type og plassering av slamanlegg. Kommunen kan og pålegge eigarar av eldre slamanlegg å gjennomføre tiltak for å oppfylle krava i denne forskrifta.
Den som utfører tøminga har rett til å plassere nødvendig utstyr på eigedommen for å få utført tøminga. Arbeidet skal utførast slik at ikkje unødvendig skade på veg eller eigedom oppstår. Eventuelle krav om erstatning for skader eller ulemper etter tøminga må rettast direkte til entreprenør. Slamanlegget skal etter tøming forlatast forsvarleg og lukka.
Kommunen kan gje abonnenten pålegg om utbetring av eventuelle feil og manglar.
§ 8 Gebyr for slamtøming
Alle eigarar og brukarar av slamavskiljarar/oppsamlingstankar/fellestankar som ordninga omfattar, skal betale årleg gebyr for tøming til kommunen. Kommunestyret fastsett storleiken på gebyret.
§ 9 Innkrevjing av gebyr, renter m.v.
Gebyr for slamtøming med renter og kostnader er sikra med lovbestemt pant etter pantelovas §6.1. Renteplikt ved sein betaling og inndriving av gebyret er regulert i lova av 6 juni 1975 nr 29 om eigedomsskatt til kommunane §§ 26 og 27. For nybygg trer gebyrplikta 2 inn 12 månader etter søknad om utsleppsløyve er godkjend. For eksisterande bygg, trer gebyrplikta inn månaden etter at utsleppsløyve er godkjend. Ved pålegg om nedsetjing av avløpsanlegg, trer gebyrplikta inn 12 månader etter påleggsdato.
§ 10 Fritak/dispensasjon
Etter skriftleg søknad sendt kommunen kan fritak vurderast i følgjande tilfelle:
- Gebyrpliktig bygning som ikkje er i bruk i meir enn eitt år. Fritak kan gjevast for inntil 1 år og gjeld fra månaden etter at søknad er mottatt.
- Eigedom som står til forfall og ikkje kan brukast som bustad. Eigenerklæring må sendast kommunen.
§ 11 Klage
Vedtak i denne forskrifta kan påklagast dersom det er eit enkeltvedtak, jfr. forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav b og forurensningsloven § 85. Klagen blir handsama etter regelverket i forvaltningslova jfr. Kap VI.
§12 Brot på denne forskrifta
Brot på denne forskrifta kan straffast med bot etter forurensningsloven.
§ 13 Ikraftsetjing
Forskrifta erstattar forskrift 18. 12. 20 nr. 2270, Ullensvang kommune, Vestland. Forskrifta trer i kraft 01.07.2022.