Paragraf symbol i stein ute i havet.

Forskrift om gebyr for sakshandsaming og kontroll av utslepp av avlaupsvatn

Forskrift om gebyr for sakshandsaming og kontroll av utslepp av avlaupsvatn, Ullensvang kommune, Vestland.

Heimel

Fastsett av Ullensvang kommunestyre 18.12.2019 med heimel i føresegn 1. juni 2004 nr. 931 om avgrensing av ureining (forureiningsforskrifta) § 11-4, jf. lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot ureining og om avfall (Forureiningslova) § 9.

Forskrifta tek føre seg bestemmingar om innbetaling og innkrevjing av gebyr som skal betalast av eigarar av avlaupsanlegg med utsleppsløyve der kommunen er forureiningsmyndigheit.
Forskrifta skal sikre at kommunen kan få dekka sine kostnadar for sakshandsaming og kontroll/tilsyn.

Forskrifta gjeld gebyr for kommunen si sakshandsaming og kontroll/tilsyn av følgjande: Påsleppsvedtak etter forureiningsforskrifta § 15A-4, handsaming av søknad etter § 12-4, § 13-4 og § 15-4, handsaming etter lokal forskrift, og for kontrolltiltak som blir gjennomførte for å sikre at kapittel 11 til 16 eller vedtak i medhald av desse kapitla blir følgde.

I samsvar med forureiningsforskrifta § 11-3 gjeld følgjande definisjonar:
Sanitært avlaupsvatn: Avlaupsvatn som i hovudsak skriv seg frå menneska sitt stoffskifte og frå hushaldningsaktivitetar, medrekna avlaupsvatn frå vassklosett, kjøken, bad og liknande.

Kommunalt avlaupsvatn: Sanitært avlaupsvatn og avlaupsvatn som består av ei blanding av sanitært avlaupsvatn og industrielt avlaupsvatn og/eller overvatn. Dersom mengda sanitært avlaupsvatn ikkje overstig 2000 pe og sanitært avlaupsvatn samstundes utgjer mindre enn 5 % av avløpsvatnet, blir ikkje avlaupsvatnet rekna som kommunalt avlaupsvatn.

Avlaupsanlegg: Kvart anlegg for handtering av avlaupsvatn som består av ein eller fleire av følgjande hovudkomponentar: Avlaupsnett, reinseanlegg og utsleppsanordning.

Personekvivalent (pe): Med personekvivalent (pe) meinast den mengda med organisk stoff som vert brote ned biologisk med eit biokjemisk oksygenforbruk over fem døgn (BOF5 ) på 60 gram oksygen pr. døgn. Avlaupsanlegget sin storleik i pe vert rekna på grunnlag av største vekentlege mengde som går til reinseanlegget eller utsleppspunkt i løpet av året, med unntak av uvanlege tilhøve som til dømes skuldast kraftig nedbør. 1 pe tilsvarar utslepp frå 1 person.

I tillegg gjeld følgjande definisjonar:

Gebyrpliktig: Gebyrpliktig for sakshandsamingsgebyr er eigar av avlaupsanlegg som det blir søkt om utsleppsløyve for, som det blir søkt om omgjering av utsleppsløyve for eller som er forslagstillar av rammeplan. Gebyrpliktig for kontroll-/tilsynsgebyr er eigar av avlaupsanlegget.

Gebyrregulativet: Namnet på kommunen si gjeldande prisoversikt for gebyr. Satsane i gebyrregulativet vert oppdatert gjennom vedtak i kommunestyret.

 

Det skal betalast eit eingongsgebyr for sakshandsaming ved:

  • Søknad om utsleppsløyve
  • Søknad om endring/omgjering av utsleppsløyve
  • Handsaming av forslag til rammeplan for vatn og avlaup

Gebyret skal i sin heilskap bli nytta til kostnadar i samband med kommunen si sakshandsaming. Nødvendig dokumentasjonsgrunnlag til søknad/rammeplan skal skaffast og betalast av forslagstillaren.

Storleiken på sakshandsamingsgebyra vert fastsett årleg av kommunestyret og kjem fram av gebyrregulativet. Sakshandsamingsgebyr skal også betalast ved avslag på søknad.

Kommunen skal sørgje for at det blir gjennomført uavhengig kontroll av avlaupsanlegg.
Kontrollgebyr er eit årleg gebyr som skal betalast for alle avløpsanlegg innanfor kommunen sitt myndigheitsområde. Alle husstandar knytt til avløpsanlegg skal belastast med gebyr. Storleiken på kontrollgebyra vert årleg fastsett av kommunestyret og kjem fram av gebyrregulativet. Dei samla gebyrinntektene skal ikkje overstige kommunen sine samla kostnader. Naudsynt grunnlag for gebyrberekninga blir lagt fram ved handsaming av gebyrregulativet.

Gebyret skal i sin heilskap brukast til kostnadar i samband med at kommunen gjennomfører kontroll og tilsyn. Kontrollgebyret skal bereknast frå same tidspunkt som søknad om utsleppsløyve er godkjent. Det kan søkjast om utsetjing av betalingsstart ved vesentleg forsinka igangsetjing.

For at kontrollgebyr for ein eigedom skal opphøyre, mellombels eller permanent, må vassforsyninga stengast av og plomberast av godkjend røyrleggjar, og skriftleg melding sendast til kommunen.

Gebyrpliktig står ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for sakshandsamingsgebyr når søknad om utsleppsløyve er motteken. Kontrollgebyr vert fakturert årleg.

Gebyra er tvangsgrunnlag for utlegg, jf. forureiningslova § 52a og tvangslova kapittel 7.

Kommunen kan i særskilde tilfelle fråfalle krav om gebyr.

 

Vedtak om storleiken på gebyra, som kjem fram av gebyrregulativet, vert rekna som forskrift, jf. forvaltningslova §2 første ledd c). Dette er ikkje eit enkeltvedtak og kan derfor ikkje klagast på.

Enkeltvedtak fatta etter § 4 og § 6 i denne forskrifta kan klagast på til kommunen innan 3 veker frå kunngjeringa om vedtaket er motteke, jf. forvaltningslova § 27 og § 28. Klaga skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket.

Føresegna trer i kraft frå 01.01.2020.

Kommentarar til forskrift om gebyr for sakshandsaming og kontroll av utslepp av avlaupsvatn, Ullensvang kommune, Vestland – høyringsutgåve

 

Unnateke frå forskrifta sitt verkeområde er busetnad der avlaupet skal førast til offentleg avlaupsanlegg i medhald av plan- og bygningslova sin § 27-2.

Sakshandsaminga omfattar sakshandsaming etter forureiningsforskrifta kapittel 12,13 og 15A.

Gebyrgrunnlaget skal dekkje følgjande tenester:

  • Innleiande sakshandsaming, førehandsvarsling, handsaming av eventuelt innkomne uttalelsar, utarbeiding av forslag til vedtak, oppfølgjing etc.
  • Generell førebuing og innhenting av bakgrunnsmateriale for sakshandsaming, medrekna nødvendig synfaring.
  • Eventuell kontroll av anlegg under bygging og ferdigkontroll av anlegg.
  • Vurdering av resipientar og brukarinteresser (kun ein andel der det også er utslepp frå andre kjelder).
  • Eventuell klagesakshandsaming.
  • Eventuell sakshandsaming etc. knytt til opprydding av eldre utslepp.

Gebyrgrunnlag for kontroll
Kontrollane omfattar tilsyn med avlaupsdelen i forureiningsforskrifta og vedtak gjort i samsvar med den, følgjer av forureiningsforskrifta § 7 fjerde ledd og 48 til 51. Kontrollane omfattar ikkje tilsyn med nyanlegg i samsvar med plan- og bygningslova.

Gebyrgrunnlaget skal dekkje følgjande tenester:

  • Kontroll og tilsyn med mindre avlaupsanlegg, prøvetaking, analyser, kontrollrapport etc.
  • Oppfølging av kontroll, til dømes gje pålegg om utbetring av anlegg
  • Overvaking/ prøvetaking av vassresipientar i nærleiken til der det er eksisterande utslepp
  • Anna relevant, naudsynt tilsynsverksemd

Kontrollgebyr vert innkrevd saman med andre kommunale gebyr.