Formannskapet
Formannskapet blir ofte sett på kommunen sitt nest høgaste organ etter kommunestyret og fungerer på mange måtar som kommunestyret sitt arbeidsutval. Det fattar vedtak på vegne av kommunen i dei tilfelle der myndet er delegert frå kommunestyret. Formannskapet sin kanskje viktigaste oppgåve er rolla som kommunen sitt utval med ansvar for kommuneøkonomien.
Mynde til formannskapet
Formannskapet har vedtaksmynde innan sine ansvarsområde, og i alle saker der vedtaksmynde ikkje er tildelt andre.
Formannskapet kan uttala seg i alle saker som har noko å seia for oppgåver og verksemder innan sitt ansvarsområdet, herunder gje høyringfråsegn.
Formannskapet sitt delegerte vedtaksmynde kjem fram av Ullensvang kommune sitt delegeringsreglement.
Formannskapet kan omdisponera beløp mellom verksemder og formål innan ansvarsområdet sitt, i samsvar med reglane i økonomireglementet til Ullensvang kommune, vedteke av kommunestyret.
I saker formannskapet sjølv ikkje kan fatte vedtak, innstiller formannskapet til kommunestyret.
I saker der formannskapet har vedtaksmynde, har det instruksjonsmynde overfor rådmann. Dette mynde blir utøvd i form av vedtak i formannskapet.
Sakshandsaming
Kommunelova sitt kapittel 11, og reglement for sakshandsaming i folkevalde organ, vedteke av kommunestyret, gjeld for formannskapet sitt virke.
Formannskapet har rett til innsyn i alle kommunale saksdokument innanfor sitt ansvarsområde, med dei avgrensingane som følgjer av kommunelova § 11-13.