Feiar som skal feie pipe på toppen av eit tak

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Ullensvang kommune skal utføre feiing/tilsyn av fyringsanlegg etter forskrift om brannforebygging av 01.01.2016, det vil seie etter behov. Det betyr at alle fyringsanlegg skal kartlegges og risikovurderes på nytt med eksisterende data eller ved neste feie/tilsynsrunde. Frekvens for feiing/tilsyn blir fastsatt etter dette. Faktorar som vil påvirke behovet for feiing/tilsyn er blant anna:

  • Kvalitet på fyringsanlegg (ovn/skorstein)
  • Bruk/fyringsmønster
  • Sotmengde/beksotdanning
  • Bygningstype (fare for brannspreiing)

Forskrift om brannforebygging § 17 Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Kommunen skal sørge for at røykkanaler i fyringsanlegg som brukes til oppvarming av byggverk, blir feiet ved behov. Feiingen skal utføres på en faglig tilfredsstillende måte som medfører minst mulig ulempe for eiere og brukere. Etter feiingen skal feieren sørge for at all sot blir fjernet og brakt til egnet sted.

Kommunen skal sørge for at det ved behov blir ført tilsyn med fyringsanlegg som brukes til oppvarming av byggverk. Kommunen skal sørge for at det blir ført tilsyn med fyringsanlegget etter brann eller eksplosjon i eller i tilknytning til fyringsanlegget.

 

Gebyr for feiing/tilsyn med fyringsanlegg

Kommunen kan etter § 28 i brann og eksplosjonsvernlova kreve inn gebyr for å dekke utgifter til feiing/tilsyn med fyringsanlegg. Arbeidet med feiing/tilsyn er eit sjølvkostområde. Det betyr at gebyret skal dekke alle kostnader med planlegging og utføring av tenesta, ikkje berre feiing/tilsyn i felten.

Når ny frekvens er bestemt vil storleiken på gebyret samsvare med frekvensen.

Gebyret vert fordelt årleg saman med dei andre kommunale eigedomsgebyra, uavhengig av om det vert utført feiing/tilsyn det året eller ikkje. Du får eit gebyr per pipeløp.

Eventuelt overskot ved for mye innkrevd gebyr skal plasseres på fond og kan berre dekke utgifter til feiing/tilsyn.

 

Feie- og tilsynsgebyr 2021

Gebyr20202021
GebyrFeiing og tilsyn bustad pr. pipeløp,2020kr 436,- eks mva2021kr 436,- eks mva
GebyrFeiing og tilsyn fritidsbustad pr. pipeløp,2020kr 477,- eks mva2021kr 477,- eks mva

For å få fritak for feie- og tilsynsgebyr, sjå informasjon på fritaksskjema.

 

Varsel og gjennomføring av feiing/tilsyn med fyringsanlegg

Det vert levert varsel om feiing eller tilsyn før feiaren kjem. Dersom tidspunkt ikkje høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk tilstade/stengt spjeld, framlagt stige eller på anna måte gjeve klar melding om at det kan feiast), vil det ikkje bli feia. Det er huseigar sitt ansvar for å ha tilrettelagd tilkomst for feiaren. Du kan ikkje rekne med ny feiing før neste runde dersom det ikkje blir gjort ny avtale medan feiaren er i området. Feiar tek oppsamlingsrunde, ta difor kontakt med feiaren snarast mogleg dersom du t.d. ikkje var heime når feiaren var der.

Ǥ 6 Kontroll og vedlikehold av fyringsanlegg
Eieren av et byggverk skal melde fra til kommunen når det er installert nytt ildsted eller gjort andre vesentlige endringer av fyringsanlegget. Eieren skal sørge for at fyringsanlegget virker som forutsatt. Dersom det blir oppdaget feil på anlegget som vesentlig øker risikoen for brann, skal anlegget stenges for bruk dersom feilen ikke utbedres umiddelbart. Etter å ha mottatt varsling om feiing eller tilsyn skal eieren sørge for at feieren har tilfredsstillende atkomst til hele fyringsanlegget»

Tilfredsstillande atkomst er eit funksjonskrav som inneber at feiaren må kunne gjennomføra inspeksjon og feiing av fyringsanlegget på ein fagleg tilfredsstillande måte, og utan at det er fare for skade på liv og helse. Det er som utgangspunkt opp til brann- og redningsvesenet å avgjera om atkomsten er tilfredsstillande.

  • Ved feiing gjennom innvendig feieluke må eigaren sørga for atkomst til luka
  • Ved feiing fra tak må tilfredsstillande atkomst sjåast i samanheng med krava til sikring av arbeidstakarar ved arbeid i høgda. Feiaren skal ha tilfredsstillande atkomst opp til og på taket. Krava fylgjer av arbeidsmiljølova si “Forskrift om stillaser, stiger og arbeid på tak m.m.”