Feiar som skal feie pipe på toppen av eit tak

Feiaren går over til SMS-varsling

Innbyggarar vil få SMS frå feiar når det er tid for feiing/tilsyn av fyringsanlegget på eigedomen din.

Feiaren har teke i bruke eit system som skal gjera det enklare å planleggja og varsla feiing/tilsyn. Men dei er avhengig av hjelp frå deg som innbyggjar for å få dette til å fungere.

Feiar vil ta kontakt med deg via SMS (tekstmelding).  SMS fortel deg korleis du enkelt kan gje oss  tilbakemelding på om oppsett tid til feiing/tilsyn høver eller ikkje.

SMS inneheld ei lenkje som vil ta deg til plattforma «Min Eiendom». Min Eiendom er ei heimeside der du kan logge deg inn og få oversikt over din eigedomsinformasjon – mellom anna status på brannførebygging på bygget/bustaden din. Frå Min Einedom kan du kommunisera med oss når det passar med feiing/tilsyn, og gi tilbakemelding når du til dømes har fulgt opp eller retta eit avvik.

Er du usikker på dette med bruk av digiale media og treng hjelp? Vi minner om at det framleis vil vera mogleg å kontakta oss som før, men vi set stor pris på respons frå SMS.

 

Beskriving steg for steg:

  1. Du vil få ein SMS frå «Feiaren» som er brannvesenet ditt når det er tid for å utføra feiing/tilsyn på bustaden din.
  2. Opne SMS, les og følg beskriving.
  3. Det er to måtar å gje tilbakemelding på:
    1. Sjekk om tidspunkt passar. Du kan gje tilbakemelding på varsel ved å svara på SMS med tal-kode. Svar med talet 1 – for at tidspunkt passar eller talet 2 – viss tidspunkt ikkje passar, og du ynskjer ny avtale.
    2. Ved hjelp av lenkje i SMS kan du logga deg på «Min Eiendom» med smarttelefonen din eller nytta same lenkje til å logga deg inn med ei datamaskin. På «Min Eiendom» kan du bekrefta eller avkrefta om tidspunktet høver for at feiaren skal koma på feiing/tilsyn. På «Min Eiendom» kan du og følgja opp avvik og lesa meir informasjon som er relevant for bustaden din.
  4. Når du har bekrefta at tid høver vil Brannvesenet få beskjed og kunne planlegga feiing/tilsyn ut ifrå det som vert svart på.
  5. Etter at tilsynet er gjennomført vil du få ei ny melding som vil senda deg attende til «Min Eiendom» der du kan lesa rapporten, og følgja opp eventuelle avvik eller merknader.

Vi sender SMS til det telefonnummeret du er registrert med i Kontakt- og Reservasjonsregisteret. Lurer du på om du er registrert der? Dette kan du sjekke ved å gå inn på nettsida til Digitaliseringsdirektoratet.

 

img-fluid portrait