Slamtømming i eit kummelokk

Informasjon om slamtømming

Det er tvungen slamtømming i Ullensvang kommune. Septiktankar til bustadar, næring, grendahus og liknande vert tømt kvart 2. år. Tankar til fritidsbustadar vert tømt kvart 4. år. Gebyret vert regulert etter storleik på tank og tømmeintervall. I tillegg kjem eit kontrollgebyr per tank. Dette gebyret gjeld og gråvassanlegg.

Det vert levert varsel til innbyggjar før tanken skal tømmast, slik at tank kan klargjerast. Dersom tanken ikkje er klargjort, må du likevel betala gebyr. Viser elles til “Forskrift om tøming av slamavskiljarar og tette tankar” § 5.

Ved behov for oftare tømming, må eigar sjølv sørge for å bestille tømming og ta kostnadane med dette.

 

Lurar du på kor tid tanken vart tømt sist?

Ta kontakt med kommunen eller gå inn på mintank.no

 

Kontaktinformasjon

NORVA24

birkeland@norva24.no

57 78 11 70

norva24.no/