Gamal stove på Utne hotell

Fast skjenkeløyve

Driv du ein serveringsstad og ynskjer å servera alkohol, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.

Løyvet kan gjelda:

  • Alkoholhaldig drikk gruppe 1 – frå 2,5 inntil 4,7 volumprosent alkohol
  • Alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 – inntil 22 volumprosent alkohol
  • Alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3 – inntil 60 volumprosent alkohol

 

Vilkår:

Skjenkeløyvet kan ikkje bli gitt åleine, det må liggje føre eit serveringsløyve. Løyvesøkjaren, styrar, stedfortredar og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel.

For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar og ein stedfortredar som er knytt til serveringsstaden. Styrar og stedfortredar må begge ha bestått kunnskapsprøva i alkohollova. Begge må vera over 20 år og ha eit reelt ansvar for skjenkinga og eit formelt tilsettingsforhold.

 

Vedlegg som må fylgja søknaden:

  • Planteikningar over areal og funksjonar i lokalet
  • Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve om alkohollova
  • Dokumentasjon på bestått etablerarprøve for dagleg leiar
  • Firmaattest og skatteattest for verksemda
  • Skatteattest for styrar og stedfortredar.
  • Beskriving av driftskonsept

 

Sakshandsamingstid:

Søknaden vert sendt på høyring til NAV sosial, politiet og Skatteetaten før Ullensvang formannskap avgjer søknaden. Dette tek normalt 6 veker.

 

Søkja: