Handlekorg med hyller på butikk i bakgrunnen

Fast salsløyve

Butikkar som vil selja alkohol, må søkja om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikk med høgst 4,7 volumprosent alkohol. Bensinstasjoner, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve.

Korleis få salsløyve?

Løyve vert gjeve til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvar for drifta av butikken eller utsalet. I søknaden må du gje opplysningar om plassen, eigarforhold og kven som skal vera styrar og stedfortredar.

 

Vedlegg som må følgja søknad om salsløyve

  • Skatteattest og prov på bestått kunnskapsprøve for styrar og stedfortredar.
  • Kartskisse over salsplassen
  • Firmaattest og skatteattest for verksemda

 

Sakshandsamingstid

Søknaden vert sendt på høyring til politiet og Skatteetaten før Ullensvang formannskap avgjer søknaden. Dette tek normalt 6 veker.