Trappeheis i trapp

Ergoterapi

Ergoterapeutar gjev tenester til born/unge, vaksne og eldre som har vanskar med å utføra daglege aktivitetar grunna ulike funksjonsvanskar. Tiltaka har som mål å fremja deltaking, meistring og sjølvstende på alle arenaer der ein ferdast. Ergoterapi kan vere ein del av eit habiliterings- og rehabiliteringsforløp.

Tenester

  • Individuell kartlegging, trening, rettleiing og oppfølging med fokus på aktivitet og deltaking
  • Råd og rettleiing i forhold til fysisk tilrettelegging av bustader. Dette gjeld både endringar i eksisterande bustad og nye bygg.
  • Rettleiing og trening i forhold til å fungera i dagleglivet
  • Hjelp til å søkja om tekniske hjelpemiddel, tilretteleggingstilskot, spesialtilpassa bil m.m.
  • Opplæring i bruk av hjelpemiddel
  • Kvardagsmeistring

 

Ergoterapeuter i kommunen

LokaliseringNamn på ergoterapeutTelefonAdresse
LokaliseringErgo- og fysioterapitenestaNamn på ergoterapeutHovudnummer Telefon53 65 45 30AdresseOpheimsgata 31, 5750 Odda
LokaliseringBråvolltunetNamn på ergoterapeutHildegunn BirkelandTelefon97 55 85 63AdresseBråvoll 1, 5780 Kinsarvik
LokaliseringHelsehuset i OddaNamn på ergoterapeutCelina RamstadTelefon90 13 95 87AdresseRøldalsvegen 41, 5750 Odda
LokaliseringHelsehuset i OddaNamn på ergoterapeutEmma VikeTelefon90 10 48 71AdresseRøldalsvegen 41, 5750 Odda
LokaliseringHelsehuset i OddaNamn på ergoterapeutHildegunn BirkelandTelefon97 55 85 63AdresseRøldalsvegen 41, 5750 Odda
LokaliseringHelsehuset i OddaNamn på ergoterapeutJoana J. MeyerTelefon97 55 85 66AdresseRøldalsvegen 41, 5750 Odda

Tilvising / kontakt

Ein treng ikkje tilvising frå lege for å få behandling hos ergoterapeut. Du sjølv, pårørande eller andre fagpersonar kan ta direkte kontakt med ergo- og fysioterapitenesta enten pr. telefon, ved å møta opp på besøksstad eller ved å sende inn utfylt skjema.

Kontaktskjema/tilvising vert registrert på venteliste etter prioritet.

Pris for tenesta

Kommunale ergoterapitenester er gratis.