Bilete: dsb.no

Eigenberedskap

Ullensvang kommune ynskjer å ha innbyggjarar som er skodd for hendingar som inneber at ein lyt klara seg sjølv nokon dagar.

Kvar og ein av oss har ansvaret for eiga trygging og eigen beredskap. Når vi blir ramma av alvorleg hending eller krise, må hjelpa første ut til dei som treng det aller mest.

Jo fleire av oss som kan ta vare på oss sjølv og våre næraste i slike situasjonar, jo betre er vi rusta som samfunn.

 

Utstyr til eigenbereskap

Vi kan bli råka av alt frå straumbortfall, isolering etter ras og atomnedfall. Difor bør du gå gjennom lista over eigenberedskapsutstyr. Kva du bør ha heime som eigenberedskap finn du informasjon om på sikkerhverdag.no

img-fluid portraitBilete: dsb.no