
Eigedomsskattenemnder i kommunen
Kommunestyret vel sjølv medlemmer og varamedlemmer til sakkunnig nemnd og klagenemnd for eigedomsskatt, og blant medlemmene leiar og nestleiar. I tillegg skal det veljast varamedlemmer. Vedtaket kan ikkje delegerast til formannskapet. Valperioden fylgjer kommunevalperioden.
Medlem av formannskapet skal ikkje vera med i den sakkunnige nemnda eller klagenemnda for eigedomsskatt jf. eigedomsskattelova § 21. Spørsmål om opprykk og nyval i samband med at ein medlem i folkevalde organ går varig ut av styre, råd eller utval m.v, er regulert i kommunelova § 16. Viser elles til eigedomsskattevedtekter for Ullensvang kommune.
Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt
Med heimel i eigedomsskattelova § 8 A-3 (4) vel kommunestyret ei sakkunnig nemnd for eigedomsskatt til å verdsetja eigedomar i Ullensvang kommune på bakgrunn av forslag frå synfaringsmenn. Sakkunnig nemnd skal ha minst tre medlemmer jf. kommunelova § 10.
Medlemmer i sakkunnig nemnd for eigedomsskatt i Ullensvang kommune:
Verv | Namn | Vara | Namn |
---|---|---|---|
VervLeiar | NamnVidar Solvi | VaraVara 1 | NamnKnut Byrkjenes Hauso |
VervMedlem | NamnIsak T. Reisæter | VaraVara 2 | NamnLiv Sollesnes |
VervMedlem | NamnLiv Eikemo Opdal | VaraVara 3 | NamnKnut Flatebø |
Klagenemnd for eigedomsskatt
Med heimel i eigedomsskattelova § 20 vel kommunestyret klagenemnd for eigedomsskatt. Dei skal handsama klager når skattytar ikkje får mehald i sakkunnig nemnd for eigedomsskatt. Den sakkunnige klagenemnda skal ha fem medlemmer jf. eigedomsskattevedtekter for Ullensvang kommune pkt. 1.2.
Medlemmer i klagenemnd for eigedomskatt i Ullensvang kommune:
Verv | Namn | Vara | Namn |
---|---|---|---|
VervLeiar | NamnPer Helge Sekse | VaraVara 1 | NamnJørund Kvestad |
VervMedlem | NamnNils Petter Freim | VaraVara 2 | NamnLars-Arne Eide |
VervMedlem | NamnEvelyn Sekse Haustveit | VaraVara 3 | NamnBente Bjotveit |
VervMedlem | NamnOlav Magnus Hammer | VaraVara 4 | NamnEmil Tomasgard |
VervMedlem | NamnKjellaug Hoås Samland | VaraVara 5 | NamnMargreta Sandvin Eiken |