Dokumentsenter

Dokumentsenteret har det overordna faglege arkivansvaret for kommunen si informasjons- og dokumentasjonsforvalting og har ein støttefunksjon når det gjeld rutinar, opplæring og arkivfagleg rådgjeving til kommunen si leiing og saksbehandlarar i alle verksemder.

I Ullensvang kommune er dokumentsenteret lagt til verksemda Digitale tenester, organisert direkte under rådmann.

Dokumentsenteret har ansvar for dagleg drift og kvalitetssikring av kommunen sitt administrative saks-/arkiv system og arkiv for fleire fagsystem. Systema er med på å sikra at kommunen utfører oppgåver i samsvar med reglar for arkiv og offentlegheit. Samstundes som vi skal sikra ei ope forvaltning skal vi og sikra rettigheitsdokumentasjon for våre innbyggjarar. Kommunale arkiv er viktig i eit historisk perspektiv.

Ullensvang kommune har i hovudsak elektroniske arkiv. Vi er medlem av Interkommunalt Arkiv i Hordaland IKS og det meste av papirarkiv frå før 2020 er deponert hjå dei.

 

Innsyn

På våre heimesider finn du postlister, offentlege dokument, møteplanar, sakslister og vedtak.

Du kan og få informasjon om saker du har til behandling, samt andre offentlege saker.