Innsyn og publisering av postliste og dokument

Ullensvang kommune publiserer dokumentasjon frå vårt administrative saksbehandling- og arkivsystem.  Det er Lov om rett til innsyn i offentleg verksemd (offentleglova) og Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) som er styrande for rett til innsyn i offentleg forvaltning.

På våre heimesider finn du postlister, offentlege dokument, møteplanar, sakslister og vedtak. Du kan få informasjon om saker du har til behandling, samt andre offentlege saker.

Det vert ikkje publisert postlister frå verksemdspesifikke fagsystem.

Postlista vår inneheld innkomande og utgåande dokument på ein gitt dato frå kommunen sitt administrative sak-/arkivsystem. Unnatak er dokument frå arkivdelar som i hovudsak inneheld personsensitiv dokumentasjon.

Dokument som med heimel i lov er unnateke offentlegheit, vert ikkje publisert i fulltekst.

I nokre høve vert dokument, sjølv om dei ikkje er unnateke offentlegheit, ikkje publisert. Desse dokumenta er merka med IP (ikkje publisert) i postlista, og om ynskjeleg må du be om innsyn.

Postlista inneheld ikkje dokument som vert registrert i verksemdspesifikke fagsystem. Døme på verksemder som nyttar fagsystem er helse- og omsorgstenester, skular, Pedagogisk psykologisk teneste, barnehagar og barneverntenesta. Det vert ikkje publisert postlister eller dokument frå fagsystema.

Vi gjer merksam på at det er 5 virkedagar frå dokument er registrert i vårt system til dei vert publisert på postlista.

Eit dokument unnateke offentlegheit med heimel i lov, vil vise utvalde journalopplysningar på postlista, men sjølve dokumentet vert ikkje publisert. Det vert vist til lovheimel som er nytta for unnatak frå offentlegheit.

Nokre dokument som i hovudsak er offentlege, kan innehalde personsensitive opplysningar jf. Offenlegforskrifta §7. Desse dokumenta vert ikkje publisert i fulltekst, men du vil sjå utfyllande journalopplysningar på postlista.

Postlista inneheld ikkje dokument som vert registrert i verksemdspesifikke fagsystem. Det vert ikkje publisert postlister eller dokument frå fagsystema.

Post som kommunen mottek digitalt eller i papirformat vert registrert som inngåande dokument i kommunen sitt administrative sak-/arkivsystem eller i aktuelle fagsystem. Dette gjeld dersom dei er, eller vert, del av ei saksbehandling. Tilsvarande gjeld for utgåande dokument.

Dokument frå det administrative sak-/arkivsystemet vert publisert 5 virkedagar etter registrering på postlista.

Dette gjeld ikkje dokument registrert i fagsystem, då det ikkje vert publisert postlister frå fagsystema.

Merk: Send aldri sensitive opplysningar i e-post, då informasjonen kan koma personar i hende som ikkje skal ha den.

Du kan be om innsyn i alle offentlege dokument. Også dei som ikkje er publisert i fulltekst.

Det er ikkje krav om å sende skriftleg innsynsførespurnad, den kan vere munnleg  jf. Offentleglova §28.

Dersom innsynsførespurnaden omfattar meir enn eit spesifikt dokument, er det likevel ynskjeleg at du sender ein skriftleg førespurnad med informasjon om kva du ynskjer innsyn i.

Vi oppmodar om at du nyttar digitalt skjema til din innsynsførespurnad: 

Du kan og senda krav om innsyn til:

  • Ullensvang kommune, Opheimsgt. 31, 5750 Odda.
  • postmottak@ullensvang.kommune.no 

Send ikkje førespurnad per e-post dersom den inneheld personsensitiv informasjon.

Kommunen behandlar innsynsførespurnader etter gjeldande lover.

Dersom du ikkje får svar på eit innsynskrav innan 5 dagar etter at kommunen har motteke førespurnaden, vert den rekna som avslått. Du kan då sende klage til Statsforvaltaren, jf. Offentleglova §32.

Sjølv om eit dokument kan bli unnateke offentlegheit, skal kommunen vurdera om dokumentet likevel kan gjerast kjent, heilt eller delvis (meirinnsyn).

Vi oppmodar om at du nyttar digitalt skjema til din innsynsførespurnad:

Du kan og senda krav om innsyn til:

  • Ullensvang kommune, Opheimsgt. 31, 5750 Odda.
  • postmottak@ullensvang.kommune.no 

Send ikkje førespurnad per e-post dersom den inneheld personsensitiv informasjon.

Gje informasjon om grunnlag for innsyn, samt avsendar/mottakar. Dersom ein har informasjon om DokumentID eller SaksID er det fint om det vert vist til.

Eit innsynskrav vert behandla av saksbehandlar for aktuell sak.

Sjølv om eit innsynskrav etter lova kan fremjast munnleg jf. Offentleglova §28. ser vi helst, av praktiske omsyn, at innsynskrav kjem til kommunen i skriftleg form.

Lenke til lov og rettleiar

 

Artikler