Demenskoordinator
Er du eller ein av dine ramma av sviktande minne eller demens? Då kan du få råd, støtte og rettleiing av demenskoordinator og hukommelsesteamet i kommunen.
Demenskoordinatoren tilbyr rettleiing, kurs, utgreiing i samarbeid med hukommelsesteamet og fastlegen. Koordinatoren er eit bindeledd mellom personar med demens og hjelpeapparatet.
Informasjon om oppstart av demensokor etter sommaren kjem 🙂
Pårørandeskulen er eit tilbod for deg som er pårørande til ein person med kognitiv svikt/demens. Tilbodet består av gratis samtalegrupper og pårørandekurs; 4 kveldar kvar haust. Dette er eit samarbeid med Ullensvang demensforeining.
Pårørandekurs har som mål å gi deg:
- Kunnskap om demens (sjukdomslære og åtferdsendringar).
- Verktøy for å vareta deg som pårørande i møte med den som er ramma av demens (kommunikasjon og meistringsstrategiar).
- Kunnskap om økonomi, juridiske rettar og aktuelle helse- og omsorgstenester.
- Erfaringsutveksling og støtte i rolla som pårørande (samtalegrupper).
Kva er demens?
Demens er ei fellesnemning for ei gruppe hjernesjukdomar som fører til sviktande minne, handlingsevne og språkfunksjon, endring i personlegdom og åtferd. Problema kan vera samansette og av praktisk, fysisk, psykisk eller sosial art.
Har du mistanke om at du sjølv, eller ein av dine nære, er i ferd med å utvikla demens, ta kontakt. Utgreiinga vert ofte gjennomført av fastlege i samarbeid med hukommelsesteam. Nokre gongar vert utgreiinga gjort hos spesialisthelsetenesta. Det er viktig å få stilt ein diagnose, uansett om symptoma skuldast demens eller anna sjukdom.
Kven kan få hjelp
- Personar med mistanke om demenssjukdom som har behov for demensutgreiing
- Personar med demenssjukdom som har behov for oppfølging etter å ha fått ein demensdiagnose
- Pårørande og vener til personar med demens som har behov for oppfølging/rettleiing
Demenskoordinatoren kan hjelpa med
- vera tilgjengeleg for personar med demens og deira pårørande
- tilby individuelle samtaler, pårørandeskule og informasjon om kurs o.l.
- kartlegga hjelpebehov og delta i utgreiing saman med hukommelsesteam og fastlege ved mistanke om demenssjukdom
- ha oversikt over relevante tilbod og tenester frå kommunen
- tilby koordinering av tenester
- ha samarbeid med aktuelle partar som feks: lokal demensforeining, tildelingskontor, fysio- og ergoterapitenesta, heimetenesta, dagtilbod, sjukeheim/omsorgsbustad, spesialisthelsetenesta og fastlegane i kommunen
- hjelpa med å finna ut kva hjelpemiddel du kan ha nytte av
Hukommelsesteam
Hukommelsesteam er eit lågterskeltilbod. Det vil sei at det ikkje er nødvendig med tilvising frå anna helsepersonell eller fastlege for å ta kontakt. Der det er mistanke om demens, tilbyr hukommelsesteam råd og rettleiing for korleis ein går fram for å få starta ei utgreiing. Tenesta er gratis
Hukommelsesteamet i Ullensvang kommune består av ergoterapeut, sjukepleiar, vernepleiar og skal i tillegg ha eit nært samarbeid med lege/fastlege.
Kva tilbyr vi?
Hukommelsesteamet skal sikra at personar med demens og pårørande får god kartlegging, og eit godt tilpassa tenestetilbod.
Arbeidsoppgåver:
Heimebesøk med kartlegging av diagnose og vurdering av hjelpebehov
- vi gjer råd og rettleiing til brukarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
- ved behov tilbyr vi oppfølging
Ta kontakt:
Alle som har ei bekymring knytt til demens, for eigen del, som pårørande eller hjelpepersonell kan gjerne ta kontakt.
Du kan også ta kontakt via fastlegen din.
Kontakter
![](/wp-content/themes/ullensvang-1.0/images/default/square/4.jpg)
Hannelore Schweitzer
Demenskoordinator
Besøksadresse: Bygdabøen 2
5750 Odda
hannelore.schweitzer@ullensvang.kommune.no
90 36 17 45
![img-fluid portrait](https://ullensvang.kommune.no/wp-content/uploads/2022/03/11601337-memory-loss-750x586.jpg)