Dag- eller nattopphald på institusjon

Tenesten er heimla i helse-og omsorgstjenesteloven § 3-2 pkt 6c, jfr.§3-1

*Tenestebeskrivinga skal opp til politisk handsaming, tar atterhald om endringar.

Kven for helsetenester i heimen

Tilbodet er eit viktig tiltak for å førebygga funksjonssvikt og tilrettelegga for at alle skal kunne bu lengst mogleg heima.

  • Brukar som har behov for aktivisering og fellesskap
  • Brukar som har behov for dag- eller nattopphald på grunn av at pårørande er i arbeid, er på ferie mm eller har behov for avlasting
  • Brukar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonssvikt ikkje kan nytte seg av tilbod om eldresenter eller dagsenter.

 

Praktiske opplysningar

Tenesta gir rett til:

  • Kost og losji, samt helse- og omsorgstenester som kommunen organiserer etter Helse- og omsorgstjenesteloven.
  • Transport til og frå dagopphald om det er nødvendig.
  • Aktiviteter som foregår på den aktuelle institusjonen

 

Pris

Dag- eller nattopphald på sjukeheim har eigenandel. Den vert årleg justert av Stortinget i forbindelse med statsbudsjettet.

Ved nokre høve kan dag- eller nattopphald bli vurdert som avlastningstiltak etter helse- og omsorgstenestelova §3-6. Då er det ikkje eigenandel på opphaldet, jfr Forskrift om eigenandel for kommunale helse-og omsorgstenester § 1 a.

 

Artikler