Bustøtte
Bustøtte er ei behovsprøvd statleg stønadsordning for dei som har låg inntekt og høge bukostnader.
Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.
Kor er bustøttekontoret i kommunen?
Besøksadresse:
- Innbyggjartorget på rådhuset i Odda, Opheimsgata 31, 5750 Odda.
- Innbyggjartorget på kommunehuset i Kinsarvik, Sandvikevegen 11, 5780 Kinsarvik
Postadresse:
- Ullensvang kommune v/Bustadkontoret, Opheimsgata 31, 5750 Odda
Kontakt oss
Ullensvang kommune v/ Bustadkontoret
Opheimsgata 31
5750 Odda
postmottak@ullensvang.kommune.no
46 87 66 41
På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva for inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustøttekalkulatoren.
- Husbanken: Sjekk om du kan få bustøtte
Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Dersom du får godkjent bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad.
Har du bank-id kan du søkje digitalt om bustøtte via Husbanken sine nettsider.
Dersom du ikkje har bank-id, så finn du søknadsskjema for bustøtte på papir her på Husbanken sine nettsider.
Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får.
- Husbanken: Meld frå om endringar
Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du fekk vedtaket.
- Husbanken: Klage på vedtak om bustøtte
Du finn meir informasjon om bustøtte på husbanken.no. Du kan og ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing.
- Husbanken: Meir informasjon