Bustadtilskot til utgreiing og prosjektering
Tilskot skal bidra til at personar med behov for tilpassa bustad skal få utgreidd og prosjektert løysingar for å få ein betre tilpassa bustad.
Tilskotet kan tildelast til enkeltpersonar for utgreiing og prosjektering av bustader som skal dekka spesielle behov. Tilskotet kan tildelast når nokon i husstanden har behov for tilpassing for å kunne fungera i bustaden i dag eller i framtida. Tilskot til utgreiing vert som hovudregel berre tildelt til eksisterande bustader. Tilskotet kan nyttast til enkle undersøkingar av bustaden, bl.a tilkomst til bustad, beskrivelse av den tekniske tilstanden, arealbehov, mogelegheiter og avgrensingar og økonomiske overslag. Tilskotet kan tildelast til å dekke kostnader til leige av fagleg hjelp til prosjektering, dvs. td. leige av arkitekt og liknande. Tilskot kan også tildelast til prosjektering av velferdsteknologi. Utgreiing og prosjektering skal utførast av fagkyndig.
- Tilskotet kan dekka kostnader til utgreiing med inntil kr. 20.000,- pr sak.
- Tilskotet kan dekke kostnader til prosjektering med inntil kr. 20.000,- pr sak.
- Størrelsen på tilskotet vert tildelt ut i frå tilgjengelege midlar, og ei heilheitsvurdering av husstanden sin økonomi, behov og mogelegheiter for støtte frå andre offentlege ordningar.
Søknader frå personar som har eit føreliggjande behov for tilpassing av bustaden på grunn av nedsett funksjonsevne skal prioriterast først. Det skal i vurderinga leggjast vekt på økonomien til husstanden.
Prioriteringar
- Familiar med funksjonshemma barn og føreliggjande behov.
- Husstandar med føreliggjande behov og svak økonomi
- Husstandar med føreliggjande behov og normal god økonomi
- Husstandar som ynskjer å tilrettelegge for framtidig behov
For utfyllande informasjon
Vedlegg som du skal sende inn saman med søknaden
- Skattemelding for det siste året
- Lønsslipp/trygdeutbetaling for dei to siste månadene
- Dokumentasjon på anna inntekt enn løn eller trygd
- Dokumentasjon på evt gjeld
- Legeerklæring og/eller uttale frå ergoterapeut som dokumenterer behovet
Sakshandsamingstid
Kommunen vil handsame søknaden så snart som mogleg. Dersom me har motteke all nødvendig dokumentasjon, og saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Klagerett
Det er klagerett på vedtaket og du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå den datoen du tok imot vedtaket. I klagen fører du opp kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing eller hjelp, kan du ta kontakt med oss. Dersom kommunen held fast på vedtaket, vert saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen for handsaming.
Om du får tildelt tilskot
Gode råd før du engasjerer fagkyndig
Når du skal velje arkitekt eller fagperson som skal hjelpe deg med å planlegge tilpassing av bustaden din, er det greit å avklare følgjande, før du inngår avtale, særleg dersom arbeida er omfattande:
- om fagpersonen har erfaring med å planleggje tilpassing til spesielt behov
- om fagpersonen har nokon referanseprosjekt å vise til
- avklare omfanget av både utgreiing og prosjektering
- avklare kostnad for både utgreiing og prosjektering
- avklare eventuell avgrensing og varsel ved eventuelt avvik
- avklare tidsbruk
Når du skal inngå avtale om prosjektering er det vanleg at arkitekten/fagpersonen stadfestar oppdraget skriftleg. Den skal visa kva som er avtala og bør omtala prosjektet sin art, storleik, mogeleg omfang av oppdraget, pris og skal angi dei førebelse vilkåra for å utføre oppdraget.
Ta gjerne kontakt dersom du treng meir informasjon og/eller hjelp til å søkje:
Ullensvang kommune v/ Bustadkontoret
Opheimsgata 31
5750 Odda
postmottak@ullensvang.kommune.no
46 87 66 41