Når barn og unge treng hjelp – BTI (betre tverrfagleg innsats)
Det skal vera trygt og godt å veksa opp i vår kommune. Av og til oppstår likevel utfordringar som gjer at ikkje alle har det så bra. I Ullensvang kommune følgjer me BTI-modellen for å sikre at barn og unge får den hjelpa dei treng.
BTI-modellen
Betre Tverrfaglig Innsats, BTI-modellen, er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. BTI-modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering.
Ullensvang har ei eige nettside med informasjon om Betre tverrfagleg innsats for barn og unge i kommunen.