Litteratursymposiet

Basseng, badeanlegg og boblebad

Verksemder med boblebad og badeanlegg skal melda desse til kommunen ved oppstart eller ved vesentlege endringar.

Risikoen for å bli sjuk ved bading i offentlege symjeanlegg i Norge er normalt liten, så lenge drifta er god. Reinseanlegg som vert drive på ein dårleg måte kan gje opphav til sjukdomsutbrot, spesielt hos personar med nedsatt immunforsvar. Dårleg drivne boblebad medfører spesielt høg sjukdomsrisiko. Det er eigar av bassengbad som er ansvarlig for tryggleik og vasskvalitet.

 

Krav og tilsyn

Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu m.v. set krav til at dei som eig eller driv slike anlegg skal sørge for at anlegget er utforma slik at omsynet til helse, hygiene og sikkerheit er ivareteke.
Miljøretta helsevern i kommunene er tilsynsmynde ovenfor boblebad, basseng og badeanlegg som er tilgjengelege for ålmenta.

Før badeanlegg vert teke i bruk skal eigar melda frå til kommunen. Verksemder med boblebad og badeanlegg skal melda desse til kommunen ved oppstart eller ved vesentlege endringar.

Litt informasjon

Badeanlegg (som også inkluderer bassengbad, badstuer og boblebad) skal ha tilfredsstillande helsemessige og hygieniske forhold. Dei skal vera utforma slik ein førebyggjar ulykker. Personell skal ha opplæring i personsikkerheit, og det skal utarbeidast instrukser for brukarane. Det skal takast jamnlege prøver av vasskvaliteten i bassengbad.

Kontakt oss